Har gitt unge åleinemødrer ei framtid med håp
27. januar 2026
På berre seks månadar har 100 åleinemødrer i Ruhama i Uganda fått opplæring i alt frå småskalajordbruk til helse, økonomi og entreprenørskap. Det har gitt dei reiskapar for ei betre framtid.
– Mange av desse kvinnene har tidlegare stått heilt utan støtte, utan arbeid og utan inntekt. No har dei fått verktøy til å skape eit betre liv for seg sjølv og borna, seier Justus Kansiime (32).
Han er mannen bak prosjektet «Enhancing the livelihood of young single mothers in Ruhama». Prosjektet kom i stand etter at Kansiime fekk 5000 dollar i tilskot frå støtteordninga EtterUtveksling.
Denne støtteordninga er for personar som har vore på arbeidsutveksling gjennom Norec. Målet med ordninga er at tidlegare utvekslingsdeltakarar kan bruke erfaringane og kunnskapen dei fekk på utveksling til å nå ut til fleire og bidra til positiv endring i lokalsamfunna.
Kansiime, som høyrer til organisasjonen Advance Africa, har tidlegare vore på ei Norec-støtta arbeidsutveksling til Chance for Change i Malawi.
Ville gi noko tilbake til heimdistriktet
For Kansiime var det ikkje tvil om kva prosjekt han hadde lyst til å gjennomføre.
– Ruhama er landsbyen som foreldra mine kjem frå, og eg vaks opp der fram til eg var 14, fortel Kansiime.
Sjølv om han har flytta frå Ruhama, kjenner han på sterk tilknyting til distriktet, som ligg åtte timars køyring frå Kampala, hovudstaden i Uganda. Kansiime valde å gjennomføre prosjektet i fem landsbyar i Ruhama-distriktet.
– Mange av åleinemødrene er enkjer, har blitt forlatne av mannen sin, eller har aldri hatt ein mann. Dei har eit dårleg utgangspunkt. Dei står ofte utan jobb, utan inntekt og må bu hjå foreldra sine. I tillegg har dei dårleg tilgang til helsetenester og opplever eit omfattande sosialt stigma, seier Kansiime.
Forma prosjektet etter deltakarane
Han søkte difor om tilskot gjennom EtterUtveksling med mål om å gjennomføre eit prosjekt som kunne gi 100 unge kvinner i dei fem landsbyane kunnskap for å få eit betre liv.
– Eg ville at prosjektet skulle nå dei som verkeleg trengde det, seier Kansiime.
Kvinnene, som var mellom 14 og 30 år, var aktive i å forme prioriteringane i prosjektet, mellom anna ved å fortelje om dei største utfordringane sine.
– Kvinnene følte eigarskap til prosjektet og deltok ivrig, seier Kansiime.
Delte ut frø
Gjennom 12 opplæringsmodular fekk kvinnene undervisning i klimavenleg jordbruk, produksjon av frø, dyrking, småskalabedrift, økonomi, helse og ernæring og mental helse og meistring. Alle prosjektaktivitetane vart gjennomførte i tett samarbeid med lokale leiarar, fagpersonar og frivillige.
Det vart halde aktivitetar i alle dei fem landsbyane, slik at alle dei 100 kvinnene fekk lik moglegheit til å lære.
– Kvar gong vi møttest til kurs, fekk kvinnene med seg frø heim att av ulike slag. Dei fekk opplæring i såing og planting, men også om korleis dei skal ta frø frå innhausta avlingar. Dette var kunnskap dei verkeleg gjorde seg nytte av, fortel Kansiime.
Møtte utfordringar på vegen
Sjølv om prosjektet har gått godt, var det også utfordringar på vegen.
– Vi hadde mellom anna ein lang tørkeperiode, politisk uro og dårleg infrastruktur som gav oss utfordringar. Men gjennom samarbeid og målretta støtte klarte vi å gjennomføre, seier Kansiime.
Han legg til at prosjektet synte at unge åleinemødrer er kraftfulle endringsagentar, berre dei får rett verktøy, støtte og moglegheiter.
– Prosjektet vart ein suksess fordi desse kvinnene engasjerer seg sterkt i å betre livssituasjonen sin og framtida for borna sine, seier Kansiime.
Sjølv om han hadde tru på prosjektet, var han i starten i tvil på om noko så lite som eit seks månaders prosjekt kunne føre til endring.
– Men no ser eg at det tvert om har betydd mykje for dei som deltok. Åleinemødrer som tidlegare var marginalisert, bidreg no aktivt både til eiga hushaldning, helse i lokalsamfunnet og anna lokal utvikling. Dei har fått verktøy til å endre framtida for seg og borna sine, seier Kansiime.
Fakta:
- Alle dei 100 deltakarane fullførte opplæring i entreprenørskap, økonomiforståing, klimavenleg jordbruk og helse.
- Meir enn 75 deltakarar starta inntektsgenererande aktivitetar innan handel og jordbruk. Mange sel no produkt på lokale marknader og driv små bedrifter.
- Kurs i jordbruk og distribusjon av frø gav kvinnene kunnskap som betra tilgangen til mat og betre avlingar.
- Opplæring i helse og livsmeistring har gitt mødrene betre kunnskap om mødrehelse, barneernæring og reproduktiv helse.
- Fleire nyttar familieplanlegging og prioriterer hygiene og mental helse.
- Gjennom prosjektet er det etablert mange mentor- og støttegrupper, og fleire av mødrene har samla seg i spare- og lånegrupper. Det har gitt auka økonomisk tryggleik og sosialt samhald.