Sjekk om du kan søke Norec-tilskot til arbeidsutveksling
Norec er Noregs kompetansesenter for internasjonalt samarbeid, og er ein etat under Utanriksdepartementet. Vi gir støtte til arbeidsutveksling mellom organisasjonar i Noreg og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Ta kvalifikasjonstesten her
Dei absolutte krava frå Norec må vere oppfylte for å kunne få støtte til arbeidsutveksling. Sjekk om du er kvalifisert ved å svare på desse spørsmåla. Klikk deg gjennom testen nedanfor – det tek berre eitt minutt.
1 Er de ein juridisk eining?
For å kunne få støtte frå Norec, må de vere ein juridisk eining – til dømes ein organisasjon, ei offentleg verksemd, eit føretak eller ein multilateral eller global organisasjon. De må ha eit styre eller ein forvaltar (ikkje påkravd for alle offentlege verksemder).
Beklager
En Norec-utveksling må være mellom to juridiske enheter. Norec gir tilskudd til en bedrift eller lignende, som igjen sender ansatte på arbeidsutveksling til et annet land.
Snakk med arbeidsgiveren din
Enkeltpersoner kan ikke søke Norec om arbeidsutveksling. Det er en bedrift eller lignende som søker, som deretter sender sine ansatte ut for å jobbe i et annet land.
Vi oppfordrer deg til å ta en prat med arbeidsgiveren din om mulighetene en Norec-utveksling gir. Se link under for gode tips.
2 Kor mange tilsette er de?
De må ha minst tre tilsette i full stilling med fast løn. Desse må arbeide innan program, leiing og administrasjon.
Vi beklagar
Vi kan dessverre ikkje ta imot søknader frå ein eining med så få tilsette.
Ta gjerne kontakt med oss
Vi må vurdere om de kan søkje eller ikkje. Det kan gjerast unntak dersom de har to tilsette i full stilling og greier godt ut om korleis de dekkjer den tredje heilårsstillinga. De er velkomne til å ta kontakt for ein prat.


3 Har de eit fysisk kontor?
Kvar partnar i prosjektet må kunne tilby eit relevant arbeidsmiljø for deltakarane i utvekslinga, slik at det legg til rette for læring og kunnskapsdeling med kollegaer.
Ta gjerne kontakt med oss
Vi må vurdere om de kan søkje eller ikkje. Det er viktig at deltakarane i utvekslinga får høve til å samhandle med kollegaer for å fremje læring og kunnskapsdeling. De er velkomne til å ta kontakt for ein prat.


4 Bruker de eit digitalt rekneskapssystem?
Norec stiller krav om god økonomistyring hos partnarane. Eit minimumskrav er at partnarane brukar eit digitalt rekneskapssystem. Norec godtek ikkje at nokon av partnarane nyttar Excel som rekneskapssystem.
Vi beklagar
Vi kan ikkje gi tilskot til ein eining som ikkje brukar eit digitalt rekneskapssystem for å handtere økonomien.
5 Har de ein revidert rekneskap?
Den reviderte perioden må ikkje vere eldre enn 18 månader. Dersom de er unnatekne frå revisjonsplikt, må de leggje ved ei grunngjeving og sende inn ein ikkje-revidert rekneskap.
Beklager
Vi kan ikke gi tilskudd til enheter uten årsrapport/regnskap. Kom gjerne tilbake når dette er på plass.
Ta gjerne kontakt med oss
Dersom de er unnatekne frå revisjonsplikt, må de leggje ved ei grunngjeving og sende inn ein ikkje-revidert rekneskap. De er velkomne til å ta kontakt med oss for ein prat.


6 Har de ein samarbeidspartner i ein av Norec sine samarbeidsland?
Arbeidsutveksling føregår mellom ein eller fleire organisasjonar. For å motta tilskot frå Norec må du ha en samarbeidspartnar i eit av samarbeidslanda våre. Denne partnaren må, på lik linje med deg, oppfylle dei andre absolutte krava Norec stiller.
Vi gjer i nokre tilfeller unntak for dei som har ein samarbeidspartner i eit DAC-land.
Ta kontakt
Vi må vurdere om dere kan søke eller ikke. Ta kontakt med oss for en prat.


Beklager
Du oppfyller ikkje krava for å kunne søke.
Oppsøk relevante samarbeidspartnarar
Norec har dessverre ikkje kapasitet til å hjelpe søkjarar med å finne ein partnar i eit anna land. Vi jobbar med å utvikle ein digital portal for dette formålet, men den vil tidlegast vere klar vinteren 2026.
Vi oppmodar dykk til å tenkje grundig gjennom kva de ønskjer å lære, kva de kan bidra med, og i kva land de ønskjer å samarbeide. Deretter bør de undersøkje kvar de kan møte slike verksemder eller organisasjonar – til dømes gjennom relevante møteplassar eller plattformer.
Du er velkommen til å søke
Klikk på lenkene under for å lese meir om søknadsprosessen og den nyaste utlysingsteksten. Bruk rettleiaren vår (Guidelines) når du søker.
Hugs at søknaden må vere fullstendig utfylt når den leverast.
Har du spørsmål? Sende oss gjerne ein e-post.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!