Hopp til hovudinnhald

EtterUtveksling – støtteordning for vidare samarbeid etter utveksling

1. Om tilskotet

Norec har oppretta EtterUtveksling, ei tilskotsordning for småskala prosjekt og initiativ frå tidlegare utvekslingsdeltakarar. Ordninga gjeld for deg som fullførte utvekslinga di i perioden 1. september 2023 – 1. oktober 2025. 

Gjennom EtterUtveksling kan du bruke erfaringane og kunnskapen frå utvekslinga til å nå ut til fleire og bidra til positiv endring i lokalsamfunnet ditt. 

Tilskot blir tildelt etter søknad. Alle søknadar blir vurderte etter kriteria i utlysinga, og i konkurranse med andre søknadar. Merk at du ikkje er garantert tilskot, sjølv om du oppfyller alle kriteria.  

Den totale ramma for ordninga er 40 000 USD. 

2. Kven kan søkje?

Du kan søkje dersom du: 

  • er medlem av Norec-nettverket  
  • fullførte utvekslinga di og heimkomstkurset i perioden 1. september 2023 – 1. oktober 2025  
  • har god kjennskap til temaet initiativet eller prosjektet ditt handlar om. 
  • samarbeider med ein Norec-partnarorganisasjon. Dersom du får tilskot, vil organisasjonen ta imot midlane og formidle dei vidare til deg  
  • har ansvar for gjennomføring og rapportering av prosjektet  

3. Kva kan få støtte?

Prosjektet ditt skal ha positiv påverknad i lokalsamfunnet, med berekraftige mål som hovudfokus. Vi legg særleg vekt på tiltak som styrkjer likestilling og/eller digitalisering. 

 

Eksempel på aktivitetar kan vere:  

  • ungdomsprosjekt innan idrett, kultur eller utdanning 
  • yrkesopplæring eller mikrofinans for kvinner 
  • kurs, kampanjar eller samlingar for å dele kunnskap  

 

For å få støtte må initiativet: 

  • rette seg direkte mot eitt av FNs berekraftsmål  
  • byggje på innsikt og erfaringar du fekk under utvekslinga di  
  • ta tak i eit konkret behov i lokalsamfunnet 
  • ha realistiske mål og vere kostnadseffektivt  

 

Du kan søkje om mellom 3 000 USD og 5 000 USD i tilskot.  

4. Korleis vurderer Norec søknadene?

Norec vurderer alle søknadar og vel ut dei som best oppfyller måla med utlysinga. 

 

Vi legg særleg vekt på:  

  • kor relevant prosjektet er for føremålet med støtteordninga  
  • at ordninga får ei brei portefølje, med mangfald i aktivitetar, tema, målgrupper og land 
  • behovet for prosjektet i lokalsamfunnet  
  • forholdet mellom tilskotet og dei resultata vi kan vente oss 
  • risiko knytt til tiltaket  
  • relevans for norske utviklingsprioriteringar  
  • moglegheit for kunnskapsdeling i Norec-nettverket  

5. Kva er krava til rapportering?

Dersom du får tilskot, har du ansvar for å forvalte midlane og sørgje for at dei planlagde aktivitetane blir gjennomført som planlagt.  

 

Du må sende inn både ein rapport og ein rekneskapsrapport til Norec innan seks månadar etter at du har mottatt tilskotet.  

6. Korleis søkjer du?

  • Søknadar må sendast inn gjennom det digitale skjemaet (lenkje blir sendt til alle kvalifiserte søkjarar). 
  • Søknadsfrist: 1. oktober 2025 kl 23:59 (CET) 

7. Har du fleire spørsmål?

  • Sjå «vanlege spørsmål» (punkt 8) 

8. Vanlege spørsmål

1. Kva slags aktivitetar kan eg inkludere?

Aktivitetane avheng av prosjektet ditt. Eksempel kan vere: 

  • samlingar for å dele kunnskap med ei bestemt gruppe i lokalsamfunnet 
  • kurs, opplæring eller kampanjar 
  • oppsøkande aktivitetar eller møte 

Vi har ikkje ei fast liste over aktivitetar. Det viktigaste er at aktivitetane er nødvendige for å nå måla i prosjektet ditt, og at dei kan gjennomførast med dei ressursane du har tilgjengeleg.  

 

2. Kva kan budsjettet dekkje?

Du kan søkje om å få dekt kostnadar som er direkte knytt til gjennomføring av prosjektet, som til dømes:  

  • utstyr og materiell  
  • opplæring, kurs, møte eller samlingar 
  • informasjons- og kampanjetiltak 

 

Ver obs på at Norec ikkje kan dekke lønn til tilsette eller generelle driftskostnadar for organisasjonar. 

 

Partnarorganisasjonen som hjelper deg med å ta imot og formidle midlane vidare, får ei fast godtgjering på 150 USD. Dette skal dekkje bankgebyr, rekneskapskostnader og andre administrative utgifter.  

 

3. Kor lenge kan prosjektet mitt vare?

  • Du må rapportere om aktivitetane og bruken av tilskotet innan seks månadar etter at du har motteke midlane. 
  • Du må starte planlegging og gjennomføre aktivitetane innanfor denne tidsramma.  
  • Aktivitetane kan gjerne halde fram utover denne perioden, dersom dei er sjølvberande eller vert vidareførte på annan måte. 

 

4. Når kan eg vente å få svar frå Norec?

Vi har som mål å kunngjere kven som får tilskot innan fire veker etter søknadsfristen.