11 prosjekt får Norec-støtte til internasjonale prosjekt i årets søknadsrunde. Midlane går til gjensidig utveksling innan ei rekkje forskjellige bransjar.

Norec fekk totalt 19 søknadar – av desse vart 11 godkjende for tilskot i 2025.

– Vi ser fram til å følgje utviklinga i desse prosjekta, seier seksjonsleiar for sivilsamfunn i Norec, Sille Lukowski.

Samarbeidsavtalar

I lista under er koordinerande part markert med feit skrift. Samarbeidspartnarane deira er markert med innrykk. Norec betaler ut tilskotet til koordinerande part, men prosjektet er utforma av alle involverte i felleskap. Talet på deltakarar og beløp er for første runde, og ikkje for heile avtaleperioden.

1. Skal styrke sjukepleie og rehabilitering

Sjukepleiarar og legar frå Noreg og Malawi er på utveksling for å styrke tenestene innan sjukepleie, fysioterapi og ergoterapi ved dei to sjukehusa.

Partnarar:

  • Helse Bergen HF, Noreg 
    • Kamuzu Central Hospital (KCH)/ Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION), Malawi
      • Avtaleperiode: 2025-2028
      • Tal deltakarar: 8
      • Sum: 2 209 768 NOK

2. Auke kompetansen på akuttmedisin og traume

Utveksling mellom sjukehus i Noreg og Sør-Afrika skal styrke kompetansen på akutt- og traumebehandling ved sjukehusa.

Partnarar:

  • Helse Bergen HF, Noreg 
    • Dr. George Mukhari Academic Hospital/Sefako Magkatho Health Sciences University, Sør-Afrika
      • Avtaleperiode: 2025-2028
      • Tal deltakarar: 4
      • Sum: 1 341 360 NOK

3. Styrke kompetanse innan indremedisin, pediatri og psykiatri

Gjennom utveksling av sjukepleiarar og legar skal prosjektet bidra til å styrke kunnskap og kompetanse innan indremedisin, pediatri og psykiatri ved sjukehusa.

Partnarar:

  • Helse Bergen HF, Noreg
    • Mmazi Mmoja Hospital, Tanzania
      • Avtaleperiode: 2025-2028
      • Tal deltakarar: 8
      • Sum: 2 138 092 NOK

4. Skal jobbe for klimasmart landbruk for å sikre matsikkerheit

Partnarskapet skal bidra til kunnskapsdeling om klimatilpassing og klimasmart jordbruk for å  styrke arbeidet med matsikkerheit. Dei skal også jobbe for å påverke unge til å fremje klimasmart landbruk og dele kunnskap om dette på yrkesskular.

Partnarar:

  • Development Aid from People to People (DAPP), Malawi
    • Development Aid from People to People (DAPP), Zimbabwe
      • Avtaleperiode: 2025 – 2027
      • Tal deltakarar: 6
      • Sum: 1 400 000 NOK

5. Skal påverke arbeid med klima og matsikkerheit

Partnarskapet skal gjennom utveksling utvikle strategiar for å påverke politikk og praksis innan klima og matsikkerheit. Målet er å utvikle strategiar for å kunne påverke på organisasjonsnivå.

Partnarar:

  • Point of Progress, Malawi 
    • Spire, Noreg
      • Avtaleperiode: 2025 – 2028
      • Tal deltakarar: 6
      • Sum: 2 700 000 NOK

6. Vil skape inkluderande idrettsarenaer

Prosjektet skal bidra til å styrke born og unge sin tilgang til inkluderande og likestilte idrettsmiljø, med særleg vekt på likestilling og inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne.

Partnarar:

  • Norges Idrettsforbund (NIF), Noreg
    • Zimbabwe Volleyball Association
    • National Organisation for Women in Sport Physical Activity and Recreation (NOWSPAR), Zimbabwe
    • Sport in Action, Zimbabwe
    • Response Network, Zimbabwe
      • Avtaleperiode: 2025 – 2028
      • Tal deltakarar: 15
      • Sum: 4 544 927 NOK

7. Skal førebyggje menneskehandel

Prosjektet skal hindre menneskehandel gjennom førebygging og opplæring av unge jenter. Målet er å å hindre menneskehandel, redde og rehabilitere offer for menneskehandel.

Partnarar:

  • Peace Rehabilitation Centre, Nepal
    • Milaan be the Change, India
      • Avtaleperiode: 2025 – 2026
      • Tal deltakarar: 10
      • Sum: 1 200 000 NOK

8. Vil jobbe for matsikkerheit gjennom agroøkologi

Gjennom utveksling skal organisasjonane dele erfaringar med argoøkologi for å styrke matsikkerheita i rurale område.

Partnarar:

  • ForumCiv, Kenya
    • ForumCiv, Colombia
      • Avtaleperiode: 2025 – 2027
      • Tal deltakarar: 4
      • Sum: 1 700 000 NOK

9. Vil skape berekraftig akvakultur gjennom digitale løysingar

Prosjektet skal utvikle berekraftige akvakultursystem og bruke digitale verktøy for å gjere verdikjeda meir effektiv.

Partnarar:

  • Val skoler AS, Noreg
    • Jumbo Fish Farm, Kenya
    • Aquafind AS, Noreg
      • Avtaleperiode: 2025 – 2027
      • Tal deltakarar: 6
      • Sum: 1 694 902 NOK

10. Vil skape berekraftig vekst og regionalt samarbeid

Prosjektet skal stimulere sosioøkonomiske initiativ og samarbeid mellom regionar i Brasil og Colombia gjennom berekraftige prosjekt og regional integrasjon.

Partnarar:

  • São Caetano do Sul Municipal University, Brasil 
    • Formulación y Gestión de Proyectos-FYGP, Colombia
      • Avtaleperiode: 2025 – 2027
      • Tal deltakarar: 6
      • Sum: 2 490 590 NOK

11. Vil skape berekraftige jobbar og betre tilgang til helsetenester

Organisasjonane utvekslar personell og jobbar med helsetenester og produksjon av utstyr. Dei skal jobbe for å etablere eit produksjonssenter i Kenya for å skape berekraftige jobbar og betre tilgangen til helsetenester. Gjennom prosjektet håpar dei å ta tak i problema knytt til arbeidsledigheit blant ungdom og høg mødredødelegheit i Kilifi, Kenya.

 Partnarar:

  • Malsen Medical, Noreg
    • Malsen Medical Kenya, Kenya
      • Avtaleperiode: 2025 – 2026
      • Tal deltakarar: 2
      • Sum: 1 052 208 NOK (med atterhald)