Han har vore eit kjent syn på TV-skjermen til nordmenn, først under pandemien, så under krigen i Ukraina. No skal tidlegare NRK-korrespondent, Roger Sevrin Bruland (46), styre kommunikasjonsstaben i Norsk senter for utvekslingssamarbeid i Førde.

– Dette gler eg meg til. Det er kjekt å utfordre seg sjølv, og eg trur det blir både lærerikt og spennande. Å kunne bu lokalt og jobbe internasjonalt er ein unik kombinasjon, seier Bruland.

46-åringen har 15 år bak seg i NRK, dei siste åra som Europa-korrespondent for NRK. Her har han mellom anna rapportert direkte frå pandemien i Europa, og stått ved fronten i Ukraina på direktesendt TV.

Skulle aldri bli leiar

– Eg har alltid sagt at eg aldri skulle bli leiar. Men i jobben min som korrespondent har eg blitt inspirert av å sjå vanlege folk i Ukraina stå fram og ta ansvar, og det har endra synet mitt. Er det bruk for meg i ein leiarjobb, så vil eg gjerne ta det ansvaret, seier Bruland.

Under korrespondenttida i Berlin har han, i tillegg til å vere reporter, vore leiar og bygd opp eit lag med tolkar og fotografar frå forskjellige land.

– Eg likar det å byggje opp eit lag, nå mål og oppnå ting i fellesskap. Det handlar mykje om fokusere på kva potensial medarbeidarane har og spele på det, seier Bruland.

Håpar å bli ein ressurs

Bruland har studert både historie, sikkerheitspolitikk og utviklingspolitikk, vore militærpoliti i den norske styrken på Balkan og jobba som praktikant og lokalt tilsett ved dei norske ambassadane i Skopje og Bucuresti.

Han kjem frå Utvik i Stryn kommune, og NRK-karrieren starta han som praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde i 2008. Deretter jobba han 11 år som utanriksmedarbeidar i NRK, før han tok til som Europa-korrespondent med base i Berlin. Bruland fekk i 2022 Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

– Eg ser fram få brukt den internasjonale erfaringa som eg har bygd opp over 25 år. Nettverket mitt er stort, og eg håpar det blir ein ressurs for Norec, seier Bruland.

Sit på nyttig kunnskap

Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy, er svært nøgd med tilsetjinga.

– Bruland sit på mykje kunnskap om svært mange felt. Han har omfattande internasjonal erfaring som han har bygd opp over 25 år. At han kjenner media, både nasjonalt og internasjonalt, frå innsida er kunnskap vi kjem til å få god nytte av, seier Baarøy.

Nær 20 søkjarar på stillinga

Den nye kommunikasjonsleiaren blir leiar for dei fire tilsette som jobbar med kommunikasjon i Norec. I tillegg skal han sitje i leiargruppa i Norec.

– Bruland kjem til ein kommunikasjonsseksjon med fire dyktige personar. Eg har tru på at dei saman vil bringe kommunikasjonsarbeidet i Norec til nye høgder. Bruland er handlekraftig og løysingsorientert, og eg ser fram til å få han i staben, seier Baarøy.

Det var totalt 18 søkjarar til stillinga som kommunikasjonsleiar. Konkurransen var skarp, men erfaringane og bakgrunnen til Bruland gjorde at han trekte det lengste strået.

– Vi ser fram til å få i hus ein kar som vil gi oss nye perspektiv, gjere oss endå meir synlege og bidra til at vi i fellesskap får synt kva kompetansesenteret Norec gjer, seier Baarøy.