På 60 år har Norec sendt over 12 000 personar på utveksling. Det er ei skattekiste av moglegheiter for dei som jobbar med kommunikasjon i Norec.

– Slik verda er i dag er det viktigare enn nokon gong å få fram kva godt som kan komme ut av internasjonale partnarskap. Det er brubygging i praksis. Å jobbe med kommunikasjon i Norec er noko av det mest meiningsfylte eg har gjort, seier Cathrine Ekehaug.

Saman med Maiken Aannevik Solbakken og Tone-Merete Lillesvangstu utgjer ho seksjonen for kommunikasjon i Norec.

Norsk senter for utvekslingssamarbeid har eksistert sidan 1963. Først under namnet Fredskorpset, der ein sende nordmenn med spesifikk kompetanse ut i verda for å bidra med kunnskapen sin. Frå 2000 endra ein forma på utvekslinga til ei gjensidig utveksling der begge partar skulle få og gi kunnskap – med mål om å dele kunnskap for ei berekraftig framtid.

Formar den globale samtalen

På 60 år har Norec gitt meir enn 12 000 personar erfaringar frå utveksling til meir enn 60 land. For kommunikasjonsavdelinga er det viktig å få fram kva utvekslinga har betydd for både einskildmenneske, organisasjonar og bedrifter.

– Vi er ein brubyggjar for kommunikasjonsfolk som søkjer meiningsfylte oppgåver for å formidle berekraftige partnarskap. I Norec kommuniserer vi ikkje berre på tvers av grenser, men vi er også aktive deltakarar i å forme ei global samtale som respekterer mangfaldet i ei stadig meir fragmentert verd, seier Ekehaug.

Ei verd av moglegheiter

Når du jobbar med kommunikasjon i Norec får du ein unik sjanse til å dykke ned i nye kulturelle kontekstar, samtidig som du får brukt ekspertisen din på god og effektiv kommunikasjon – både på norsk og engelsk.

Du får sjå, med eigne auge, kva utveksling betyr ute i felt, det vere seg i Afrika, Asia eller Latin-Amerika. Gjennom prosjekta formidlar du historiene om einskildpersonar, lokalsamfunn og organisasjonar som bidreg med kompetansen sin for å løyse utfordringane i verda gjennom Norec.

Historier, som til dømes om agroøkologen Anthony Mungai frå Pelum Kenya som lærte bønder å spare vatn med miljøvenlege jordbruksteknikkar midt i den verste tørka på 40 år. Eller om sjukepleiaren Gunn Elin Veivåg frå Haukeland universitetssjukehus som innførte rutinar som halverte spedbarnsdødelegheita på Zanzibar.

– Middelet til Norec er å gje tilskot til utveksling, medan målet vårt er det same som for heile det norske utviklingsapparatet: å bidra til berekraftig utvikling verda over, seier Solbakken.

Skal formidle meir til fleire

Målsetjinga for det kommande året er å formidle meir av det kompetansesenteret Norec gjer til fleire. Rett og slett å synast meir.

– Dette er ei målsetjing som opnar for nytenking. Vi må i endå større grad ta plass i det store biletet. Det vil vere ei prioritert oppgåve for vår kommande kommunikasjonsleiar, seier Ekehaug.

Vi skal formidle verdiane og kunnskapen vår på ein engasjerande måte, samtidig som vi skal leggje vekt på å utvikle kreative og effektive kommunikasjonsstrategiar.

Vil vere brukarvenlege og relevante

I Norec er språkleg presisjon viktig, både på nynorsk, bokmål og engelsk, difor jobbar vi aktivt med språket vi brukar. Vi meiner det er viktig å uttrykkje oss klart og korrekt for å byggje tillit og effektivt nå ut til eit globalt publikum.

– Det kommande året skal vi byrje på å lage ein språkprofil. Vi skal ikkje berre kommunisere korrekt, men vi skal kommunisere godt. God kommunikasjon er grunnlaget for samarbeid, seier Lillesvangstu.

I ei verd der meir og meir skjer digitalt, vil Norec vere i førarsetet.

– Vi jobbar aktivt med digitalisering for å få til ei saumlaus oppleving for samarbeidspartnarar og deltakarar. Vi skal tilby brukarvenlege tenester som gjer det enklare for alle å bruke oss og samarbeide med oss, seier Ekehaug.