Utveksling av kunnskap og rutinar sende spedbarnsdødelegheita ved Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar ned frå i overkant av 40 til 12 prosent.

–  Utvekslinga lærte meg kor viktig rutinar er i behandlinga av nyfødde og for tidleg fødde barn, seier sjukepleiar Salma Khamis Mohammed på Zanzibar.

Haukeland universitetssjukehus og Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar har vore partnarar i ei årrekkje. Dei har jobba med kompetanseutveksling innanfor fagområde som indremedisin, rusmedisin, pediatri og nyføddmedisin.

Mohammed var på utveksling ved Haukeland universitetssjukehus. Då ho kom tilbake til Zanzibar i 2018, fekk ho ansvar for alle sjukepleiarane på nyføddavdelinga.

– Eg lærte mykje på Haukeland. Både om kommunikasjon, nye reiskapar, diagnosar, behandlingar og andre måtar å jobbe på. Då eg kom tilbake, ville dei at eg skulle bli ein leiar og bruke kunnskapen eg hadde tileigna meg, seier Mohammed.

Såg endringar i løpet av eitt år

Sjukepleiar Gunn Elin Veivåg frå Haukeland universitetssjukehus har vore på utveksling på Zanzibar i fleire rundar, og har sett utviklinga med eigne auga.

– Det er utruleg givande å sjå. Då vi først starta utveksling i oktober 2011, døydde rundt 40 prosent av alle innlagde på nyføddavdelinga. I løpet av eitt år var dødelegheita redusert til rundt 12-15 prosent, fortel Gunn Elin Veivåg.

Begge sjukepleiarane har sett kva små grep og auka kunnskap kan gjere, på tvers av landegrenser og kulturar.

Ein av dei største skilnadane mellom sjukehus i Norge og på Zanzibar, er bemanninga.

– Medan ein i Norge har ein sjukepleiar per prematur, har ein sjukepleiar på Zanzibar ansvar for mange pasientar. Det gir sjølvsagt ulike utfordringar for dei tilsette i Norge og på Zanzibar, seier Mohammed.

Watch video

Mangla opplæring

I 2011 mangla sjukehuset på Zanzibar utstyr til nyføddomsorg, og dei mangla kunnskap om korleis dei skulle bruke det utstyret dei hadde. Dei hadde til dømes kuvøser, men dei tilsette hadde ikkje fått opplæring i korleis desse skulle brukast.

Første gong Veivåg målte temperaturen på eit spedbarn, hadde barnet kroppstemperatur på 32,6 grader, sjølv om det låg i ei kuvøse.

– Ungane fraus rett og slett i hel fordi ein ikkje visste korleis kuvøsene skulle brukast, og fordi ein ikkje hadde varme tepper og huer, fortel Veivåg.

Nyfødde og for tidleg fødde born tapar raskt varme, og er avhengige av å ha jamn, høg temperatur rundt seg. Dei utveksla deltakarane sørga for at det kom strikka ulluer og ullpledd frå Norge.

Fekk på plass rutinar

Avdelinga mangla også mellom anna oksygenkonsentratorar, i tillegg til at det ikkje fanst system for oppfølging og mangla observasjonsrutinar.

– Vi fekk på plass oksygenkonsentratorar, men det som var endå viktigare var den heilskaplege pleia der ein observerer temperatur, puls og oksygenmetting med jamne interval. Å gjere tiltak utfrå desse observasjonane har mykje å seie for born som er så små, seier Veivåg.

I løpet av få månadar såg ein at dødelegheita gjekk drastisk ned, og no ligg talet på rundt 12 prosent, stabilt.

 

– Eg hadde ikkje trudd dødelegheita skulle gå så raskt ned. Vi gjorde ingen radikale grep, seier Veivåg.

Små grep kan gi store resultat

Koordinator Sabra Khamis stadfestar at ein ved hjelp av små grep, oppnådde store resultat.

– Utvekslinga har betra pasientomsorga på mange avdelingar. Vi lærer mykje av kvarandre, både rein praktisk kunnskap, men også om system som hjelper oss å gi betre helsehjelp, seier Khamis.

Avdelingsdirektør for internasjonale samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus, Jon Wigum Dahl, fortel at sjukehuset i Bergen har hatt utveksling på Zanzibar sidan 2007 innan fleire forskjellige fagfelt.

Å ha samarbeid og utveksling over så lang tid, gjer at moglegheita for å oppnå endå større resultat, er mogleg.

– Vi har mange resultat som kjem i kjølvatnet av utvekslinga vi har gjennom Norec (og tidlegare Fredskorpset). På Zanzibar opna den nye barneklinikken for fem år sidan. Vi fekk donorpengar frå den norske ambassaden i Tanzania, Helseministeriet på Zanzibar og frå den private donoren Trond Mohn i Bergen til å byggje sjukehuset. Det er eitt konkret resultat frå utvekslinga vi har hatt med Norec i årevis, seier Dahl.

Små endringar gav store utfall på barnedødelegheita

Norske sjukepleiarar fekk erfaringar dei aldri ville fått i Norge

– Eg har fått ei enorm trening i hjerte-lunge-redning av nyfødde. Det ville eg aldri klart å få i Norge, fordi talet på nyfødde der er så mykje lågare enn på Zanzibar. I tillegg vert det dessverre født ein del fleire born med komplikasjonar og fødselsasfyksi (mangel på oksygen før, under eller etter fødsel) på Zanzibar enn i Norge, seier Gunn Elin Veivåg.

Den erfarne barnesjukepleiaren ved Haukeland universitetssjukehus har i fleire periodar dei siste ti åra vore utveksla på Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar, eit sjukehus som per 2022 har rundt 16 500 barnefødslar i året.

Har gitt ny kunnskap

Veivåg er ikkje i tvil om at erfaringa frå utvekslinga har gjort henne til ein dyktigare sjukepleiar.

– Eg er blitt betre til å ta avgjerder, både fagleg og klinisk. Eg er betre på å handtere akutte situasjonar, og har fått stor volumtrening innan behandling av sjuke barn og nyfødde der vi har hatt begrensa tilgang på utstyr og moglegheit til å diagnostisere, slik vi kan i Norge, seier Veivåg.

Å vere på utveksling i eit anna land gir ny kunnskap innan delar av helsefaget som ein ikkje gjer eller ser så mykje til i Norge.

– Til dømes hjerte-lungeredning av nyfødde og barn og tropemedisin. Eg er også blitt betre på prosjektplanlegging og å jobbe sjølvstendig, seier Veivåg.

Mnazi Mmoja Zanzibar

Får ei vidare forståing

Å jobbe i eit anna land, gir helsepersonell moglegheit til å få kunnskap om delar av faget som de ikkje ser så mykje av i Norge, både når det kjem til diagnosar og metodar.

– Ein får sjukepleiarar og legar som er tryggare på seg sjølve, på vurderingane sine og på observasjonane dei gjer. Og så trur eg vi får tilbake tilsette som verdset endå høgare arbeidsplassen sin og det fantastiske helsevesenet vi har i Norge, seier Veivåg.

Ho peikar på at utanlandsopphald gir helsepersonell kulturell forståing som er viktig kunnskap i ein sjukehuskvardag i Norge.

– Vi får kompetanse til å bli betre på å ta imot og kommunisere med pasientar frå andre land, spesielt austkysten av Afrika, når det kjem til både kulturkunnskap og språk. Det er viktig, fortel Veivåg.

 

Dei tilsette kjem i kontakt med sjukdommar og diagnosar som er sjeldne i Norge, og det styrkar oss som sjukehus når dei kjem tilbake med slik kompetanse.

Jon Wigum Dahl Avdelingsdirektør for internasjonale samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus

Blir veldig gode på det dei driv med

Avdelingsdirektør for internasjonale samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus, Jon Wigum Dahl, stadfestar inntrykket til Veivåg.

– Dei som er på utveksling får ei veldig volumtrening og fagleg eksponering fordi mengda av tilfelle dei opplever er på eit heilt anna nivå enn i Norge. Dei blir veldig gode på det dei driv med, uansett fagfelt, seier Dahl.

Han legg til at utveksling også gir norsk helsepersonell kompetanse på nye medisinske felt.

– Dei tilsette kjem i kontakt med sjukdommar og diagnosar som er sjeldne i Norge, og det styrkar oss som sjukehus når dei kjem tilbake med slik kompetanse, seier Dahl.

At norske helsearbeidarar jobbar i land der dei møter både andre kulturar og religionar, gir også vinstar når dei kjem tilbake til arbeidsplassen sin i Norge.

– Vi ser at slik kompetanse og erfaring er viktig, då mange av pasientane ved Haukeland universitetssjukehus har mange forskjellige bakgrunnar. Å møte nokon som kjenner eins eigen kultur og religion, gjer det lettare å vere pasient, og sikrar betre helsetenester, seier Dahl.

Han peikar på at det også gir eit heilt spesielt engasjement, og for Haukeland universitetssjukehus sin del, ser dei at internasjonal utveksling er med på å gjere sjukehuset til ein svært attraktiv arbeidsplass.

– Det blir faktisk ein faktor i rekrutteringsarbeidet vårt ved at folk søkjer seg til Haukeland fordi dei veit at dei kan få sjansen til å jobbe utanlands. Utveksling gir generelt meir motiverte tilsette, seier Dahl.