Tre grunnar til å bli Norec-direktør
9. januar 2026
Etter åtte år som direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), er Jan Olav Baarøy klar for nye utfordringar. Han er klar på at no forlet ein av dei mest meiningsfulle leiarjobbane i norsk forvaltning.
– Eg har hatt åtte fantastiske år i Norec, og skulle gjerne teke fleire. Men direktørstillinga er på åremål, og eg nærma meg slutten på mitt. Så då jobben som høgskuledirektør i Volda dukka opp var det både hell og full klaff, seier Baarøy.
Når han klokkar ut av Norec-kontoret for siste gong i slutten av februar, er det med eit visst vemod. For han forlèt ein organisasjon som har levert på samfunnsoppdraget sitt, også i periodar med endring og uro.
– Sett i ettertid har det vore eit eventyr, med både oppturar og krevjande periodar. Norec har levert på samfunnsoppdraget sitt heile vegen, og det er eg stolt av, seier Baarøy.
Har vakse frå 40 til 60 tilsette
Norec er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid og ein etat under Utanriksdepartementet. Gjennom tilskotsforvaltning bidreg Norec til at Noreg når FNs berekraftsmål.
Norec har også ansvar for koordinering av rekruttering av nordmenn til internasjonale organisasjonar. Frå 2025 er avdeling for uavhengig evaluering av norsk utviklingssamarbeid lagt til Norec.
Sidan Norec vart flytta frå Oslo til Førde i 2018 har organisasjonen vakse frå 40 til 60 tilsette. Alle har arbeidsplassen sin i Førde, med heile verda som arbeidsfelt.
– Det er spesielt å kunne sitje midt på Vestlandet, med alt det gode det fører med seg, og samtidig jobbe med utvikling og kunnskapsdeling globalt. Det er det ikkje mange jobbar som gir høve til, seier Baarøy.
Tre gode grunnar til å søkje
Dersom du tenkjer at dette kan vere jobben for deg, har Baarøy tre gode grunnar til at du bør søkje:
1. Ein leiarjobb med reell samfunnseffekt
– Dette er ein jobb der du får vere med på å forme framtida til unge menneske gjennom internasjonal utveksling og kunnskapsdeling. Vi jobbar for å utlikne forskjellar og syne kva samarbeid på tvers av landegrenser kan bety. Det gjer dette til ein av dei mest givande leiarjobbane som finst i dag, seier Baarøy.
2. Internasjonalt arbeid – midt på Vestlandet
Ein annan grunn til å søkje, meiner Baarøy, er kombinasjonen av stad og oppdrag.
– Du er på Vestlandet, i Sunnfjord og i Førde. Her finn du eit sterkt næringsliv, bankar, handelsstand, sjukehus og høgskule. Alt som er med å drive eit heilt land, samla i eit mikrokosmos. Det er ein god plass å bu, samstundes som du jobbar med store og internasjonale spørsmål, seier Baarøy.
3. Eit sterkt fagmiljø og eit lag som vil framover
Den nye direktøren kjem til ein mangfaldig arbeidsplass med vel 60 tilsette med brei kompetanse og internasjonal erfaring.
– Her kan du snakke minst ti språk i lunsjen og alltid ha ein samtalepartnar. Vi har eit godt arbeidsmiljø som vi jobbar aktivt med, godt samarbeid på tvers og eit utmerkt samarbeid med fagforeiningane. Det er ein veldig god plass å vere, seier Baarøy, og legg til:
– Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar einaste dag desse åtte åra.
Desse eigenskapane er viktige
Sjølv om godt humør og evne til å byggje lag er viktig, har Baarøy gjort seg tankar om kva andre eigenskapar ein ny direktør bør ha.
– Du må ha god forståing for norsk forvaltning. Vi forvaltar norske skattepengar, og dei skal vi forvalte klokt, seier Baarøy.
Samtidig legg han til at internasjonal forståing er viktig.
– Du må sjå verdien av internasjonalt samarbeid. Verda blir ein betre stad når vi samhandlar, og Norec er eit viktig verkemiddel i Noregs samarbeid med andre land, seier Baarøy.
Vidare må ein ha forståing for at endring også er ein del av kvardagen.
– Ein må ha evne til å omstille både laget og organisasjonen, og gjere det på ein måte som skapar tryggleik. Då må du leie stabilt og samlande, slik at folk opplever at ting er føreseieleg. Å stå i den spenninga er ein viktig del av leiarrolla, seier Baarøy.
Høyrest noko av dette ut som det passar deg, så finn du stillingsannonsen her.
Sjølv om Baarøy no går vidare, er han spent og håpefull på arvtakaren.
– Det er ein sjeldan sjanse til å leie ein særs kompetent organisasjon i ei tid der internasjonalt samarbeid blir stadig viktigare. Likar du å få ting til å skje, sjå kva kunnskapsdeling kan bety i praksis, og trivst med både ansvar og påverknad, då bør du søkje, seier Baarøy.