Do you have two-three minutes to help us improve our website?
Yes, I want to help!
Hopp til hovudinnhald

Seminar og rettleiing

Ønskjer du auka kunnskap om utveksling og internasjonalt samarbeid? Norec tilbyr både seminar og rettleiing for å dele kunnskapen vi har tileigna oss over mange år.

Training Johannesburg

Rettleiing

Rettleiing rettar seg først og fremst mot deg som jobbar med bistand. Norec har 40 kompetente tilsette med høg kompetanse og stort nettverk av samarbeidspartnarar frå 25 land.

Vi brukar vår eigen kompetanse og nettverk for å skreddarsy eit opplegg relevant for utfordringane organisasjonen din møter. Vi har mange års erfaring med å halde utreisekurs, med interkulturelle utfordringar og i å bygge likeverdige internasjonale partnarskap.

Vi veit at alle prosjekt har sine utfordringar. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva vi kan tilby.

Seminar

Vi arrangerer også opne seminar som er relevante for deg som er interessert i utveksling og utvikling av internasjonale samarbeid.

Seminara våre vert gjennomført anten fysisk eller digitalt. Dei er gratis, men du må sjølv betale eventuell reise til og frå kursstaden.