Hopp til hovudinnhald

Norec – med heile verda som arbeidsplass – frå Førde

15
oktober

Førde

Visste du at Norec betrar forholda for spedalske i Nepal, skuddoffer i Sør-Afrika og entreprenørar i Malawi?

Norec er statens kompetansesenter for internasjonalt samarbeid og arbeidsutveksling. Dei har vore i Førde sidan 2018. Frå utsida ser det ut som eit kontor fylt av kjedelege byråkratar – men bak dørene skjer det mykje spennande!

Få innblikk i kva Norec er og kva dei gjer ute i verda.

Foredraget er ved Øystein Garfors og Tone Merete Lillesvangstu. Garfors har sjølv vore på utveksling og er i dag seksjonsleiar. Lillesvangstu er tidlegare NRK-journalist, jobbar i dag som kommunikasjonsrådgjevar.

Stad: Førdehuset i Førde
Tid: Onsdag 15. Oktober.
Billett: kr 100, kan kjøpes ved inngangen.
Forelesninga er open for alle.
Arrangør: Senioruniversitetet i Førde.