Ei Norec-utveksling kan best forklarast med eit eksempel:
Eit sjukehus i Norge har ei samarbeidsavtale med eit sjukehus i India. Dette kallar vi eit partnarskap. Ein ung indisk sjukepleiar og ein ung norsk sjukepleiar byter plass for eitt år. Dette kallar vi utveksling.
Medan dei er på utveksling, opplever sjukepleiarane både utfordringar, meistring, oppturar og nedturar. Dei får nye ferdigheiter, lærer eit nytt språk og opplever ein annan kultur. Kort fortalt lærer dei mykje om både yrket sitt og seg sjølv.
Vel heime brukar dei alt dei har lært til å gjere sjukehuset dei jobbar på betre til å levere helsetenester i lokalsamfunnet.
Før, undervegs og etter utvekslinga tilbyr Norec kurs og rettleiing for både sjukepleiarane som reiser på utveksling og leiarane deira. Slik får alle partar maksimal læring ut av utvekslinga.