Åtte prosjekt får støtte frå EtterUtveksling
14. januar 2026
71 søkarar kiva om støtte frå EtterUtveksling-ordninga. Åtte prosjekt er plukka ut i årets søknadsrunde.
– Årets budsjett er dobbelt så stort som i fjor. Vi er veldig glade for at vi kan støtte åtte prosjekt som har klare mål og god kvalitet, seier sakshandsamar Dilanka Fernando i Norec.
Ho har behandla søknadane saman med nettverksrådgivar Tasle Torrissen Knapstad.
EtterUtveksling er ei tilskotsordning for små prosjekt. Berre personar som har vore på arbeidsutveksling gjennom Norec kan søkje. Ordninga skal gi tidlegare Norec-deltakarar moglegheit til å gjennomføre prosjekt som dei fekk ideen til under eller etter utveksling.
– I denne runden ønskte vi særleg prosjekt som handlar om digitalisering og likestilling, men det var ikkje eit absolutt krav. Det viktigaste er at ideen er god, og at planen for gjennomføring er realistisk, seier Fernando.
Svært god kvalitet på søkarane
Støtteordninga vart lansert i 2024. I førre søknadsrunde kom det inn 145 søknadar.
– Vi håpa på endå fleire søkarar i år, sidan potten var dobla. Samstundes heldt dei 71 søknadane vi fekk svært god kvalitet. Difor var det krevjande å velje ut dei åtte prosjekta som får støtte, seier Knapstad.
Alle dei åtte prosjekta har ein tydeleg plan og ei nær kopling til Norec. Alle prosjekta har kvinner og jenter som hovudmålgruppe, og tek opp tema innan digitalisering eller likestilling.
– Prosjekta vi har valt ut har god kostnadskontroll, og mest mogleg av midlane går til aktivitetar ute i lokalsamfunna. Dei har også sett realistiske mål og gjennomført gode risikovurderingar, seier Knapstad.
Målet for dei åtte prosjekta er å bidra til reell endring der dei vert gjennomførte.
Dei åtte prosjekta som får støtte er:
1. Betre helse, jobbmoglegheiter og rettar for kvinner og jenter
Kvinner og jenter på teplantasjar og i slumområde i Bangladesh manglar helsehjelp og kunnskap om reproduktiv helse. Mange blir òg utsette for skadelege praksisar knytt til menstruasjon.
Prosjektet skal styrkje kunnskapen om seksuell og reproduktiv helse, og gi jenter og kvinner større moglegheit til å delta i samfunnet.
På seks månader skal 300 kvinner og jenter få:
- kurs og kampanjar om helse og rettar
- opplæring i livsmeistring og aktivitetar som gir inntekt
- hygienepakkar og menstruasjonsprodukt som kan gjenbrukast
- møteplassar for å dele erfaringar
Namn: Dignity First: Menstrual health and empowerment
Land: Bangladesh
Sum: 4,650 USD
Mål: Betre helse og styrkt deltaking i samfunnet for kvinner og jenter
2. Gi ungdom kunnskap om gjenvinning og moglegheit til arbeid
Unge på Madagaskar manglar opplæring i praktiske ferdigheiter som gi arbeid. Samstundes er plastavfall og avskoging eit stort miljøproblem.
Prosjektet skal gi 60 unge personar opplæring i:
- gjenvinning av plast
- økointeriør og kreative gjenbruksprodukt
- produksjon av miljøvenleg kol laga av landbruksavfall
Målet er å gi ungdom moglegheit til å starte små verksemder, redusere arbeidsløyse og fattigdom i samfunnet, i tillegg til å skape grøne verksemder.
Namn: Green prosperity skills
Land: Madagaskar
Sum: 1,750 USD
Mål: Gi ungdom kunnskap til å starte eigne verksemder, redusere avfall og byggje ein grønare lokaløkonomi.
3. Gi kvinner høve til komme seg varig ut av ekstrem fattigdom
Market Circles jobbar med kvinner som lever i ekstrem fattigdom i slumområda Nsambya, Nakawa og Kamwokya. Prosjektet gir støtte og opplæring slik at kvinnene kan skape ei stabil inntekt.
Prosjektet tilbyr:
- produksjonsutstyr
- opplæring og mentorstøtte
- tilgang til sparing, lån og sosial tryggleik
Namn: Market circles: Economic empowerment
Land: Uganda
Sum: 5,150 USD
Mål: Gi kvinner stabil inntekt og større økonomisk tryggleik.
4. Inntekt for einslege mødrer gjennom økologisk landbruk
Einslege mødrer og unge i Domboshava driv med økologisk jordbruk, men tener lite på arbeidet.
Prosjektet skal gi 20 deltakarar opplæring som agroøkologiske entreprenørar og trenarar. Minst 70 prosent skal vere kvinner.
Dei skal lære om:
- berekraftig dyrking og produktutvikling
- pakking og merking med klimavenlege material
- digital marknadsføring og samarbeid om sal
Namn: Sustainable agriculture and enterprise
Land: Zimbabwe
Sum: 5,150 USD
Mål: Gi inntekt og styrkje lokal klimatilpassing.
5. Motverke vald og betre kvardagen for kvinner
Vald, utnytting av kvinner og dårlege sanitærforhold skalar store problem i fire landsbyar i Madhya Pradesh.
Mange kvinner seier ikkje ifrå når dei blir utsette for vald. Dette kan vere fordi dei lever i eit miljø der vald er normalisert, fordi dei ikkje kjenner rettane sine, eller fordi det manglar eit støtteapparat.
Mangel på toalett på skulane gjer òg til at jenter ofte blir heime når dei har menstruasjon.
Prosjektet skal:
- bygge to trygge jentetoalett på lokale skular
- etablere to trygge senter for rådgiving, læring og støtte
- halde kampanjar om rettar, lover og varslingssystem for over 1200 deltakarar
- gi rådgiving til minst 20 overlevande
- lære opp 44 lokale leiarar og endringsagentar
Namn: Project BRAVE
Land: India
Sum: 4,850 USD
Mål: Skape tryggleik, betre helse og auke skulegangen til jenter.
6. Bruke organisk avfall til matproduksjon
I Mbarara er det store utfordringar med dårleg avfallshandtering, matmangel og få inntektsmoglegheiter.
Etter arbeidsutveksling gjennom Norec, starta søkjar ein liten byhage som viste at organisk avfall kan brukast til matproduksjon.
No skal prosjektet utviklast vidare.
Prosjektet skal gi opplæring i:
- sortering, kompostering og oppdrett av svart soldatfluge
- dyrking i sekkar og i vatn (hydroponisk dyrking)
- berekraftig forbruk og klimatilpassing
Namn: Sustainable smart-farming and waste solutions
Land: Uganda
Sum: 5,035 USD
Mål: Redusere avfall, betre matsikkerheit og skape inntekter.
7. Ein arena for læring, produksjon og marknadstilgang for unge
Ungdom i Kibera manglar arbeid, økonomisk kunnskap og moglegheit til grøne jobbar. Samstundes hopar avfall seg opp i området.
Prosjektet skal etablere eit innovasjonslaboratorium der ungdom kan utvikle miljøvenlege løysingar.
Dei får opplæring i:
- gjenvinning av glas
- produksjon av miljøvenlege brikettar
- kreative kunstprosjekt
- sparing og personleg økonomi
Namn: Jitegemee youth innovation lab
Land: Kenya
Sum: 5,150 USD
Mål: Gi unge ferdigheiter, arbeid og nye, grøne moglegheiter.
8. Gi kvinner betre rettsvern
Kvinner i Epworth har svake eigedomsrettar og lite juridisk kunnskap. Mange lever med risiko for å bli utsette for vald.
Prosjektet vil styrke kvinnene juridisk gjennom:
- folkeopplysning og mobile rettshjelpsverkstadar for 400 kvinner
- opplæring av 30 juridiske assistentar og 10 frivillige som kan hjelpe i konfliktar og valdssaker
- støtte til minst 100 juridiske saker
Namn: Epworth equality initiative: property rights & GBV
Land: Zimbabwe
Sum: 5,050 USD
Mål: Styrke rettstryggleiken og gi kvinner meir sjølvstende.
Alle summane er inkludert eit administrasjonsgebyr på 150 USD.