Kvifor treng vi nordmenn i FN?
24. oktober 2023Noreg er blant medlemslanda som gir mest pengar til FN per innbyggjar. Men i representasjon av tilsette finn vi berre knappe 200 nordmenn mellom dei vel 125 000 FN-tilsette. Samtidig sit Noreg på mykje kompetanse som FN har behov for.
På FN-dagen i år feira vi 78 år med dei sameinte nasjonane (FN), den internasjonale organisasjonen som sidan starten har hatt som mål å få alle land i verda til å samarbeide. Utanfor FN samlast fleire og fleire store land i andre grupperingar der Noreg ikkje er med. Framleis er FN er verdas einaste forum der alle land er med. Men kva påverknadskraft har Noreg i ei verd utan FN?
FN er ihopsett av 30 organisasjonar som saman støttar styresmakter i medlemsland der statsapparatet ikkje er godt nok rusta til å gi nødvendige tenester til borgarane sine. Her treng FN spisskompetanse innan helse, demokrati, utdanning, klima og liknande. Noreg sit på denne spisskompetansen, og kan gi FN eit vesentleg løft.
Noreg er blant dei største økonomiske bidragsytarane til FN, med 12 milliardar kroner i 2021. Likevel finn vi berre 200 nordmenn blant dei rundt 125 000 FN-tilsette, og knapt nokon av dei er i leiande posisjonar. For ti år sidan jobba rundt 300 nordmenn i FN. Noreg blir no mindre representert, sjølv om vår økonomiske støtte vert stadig større.
Ein viktig måte å rekruttere nordmenn til FN på er gjennom juniorekspertordninga. Noreg betalar for ein ung profesjonell nordmann som arbeider i ein FN-organisasjon i tre år. Etterpå kan hen søke jobb vidare som internsøkar i FN, men då betalt av FN.
Ein Fafo-studie for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i 2023 viser at nær 80 prosent av alle norske juniorekspertar har fått tilbod om å halde fram i FN. Men under halvparten har ønskt å fortsette. Dette er lågare enn tala for juniorekspertar frå andre land som Sverige, Danmark, Tyskland og England.
Sidan 2014 har talet på norske juniorekspertar i FN gått ned frå 78 til 37 i 2022 – ei halvering på ti år. Samstundes har etterspurnaden og interessa for FN-arbeid blant nordmenn auka. Ei stilling kan ha frå 20 til 120 søkarar, avhengig av tenestestad. Men finansieringa for nordmenn som vil arbeide i FN har gått ned i takt med auka norsk støtte til FN.
Så kvifor bør fleire nordmenn inn i FN? Jau, fordi Noreg har kompetanse som FN treng. Her er fem grunnar::
- Representasjon av alle land: FN er den einaste organisasjonen i verda som samlar alle landa. Nyare konstellasjonar av G7, G20 eller G77, BRICS eller EU inkluderer ikkje Noreg.
- Deling av naturressursar: Norge har forhandla fram ordningar som deler naturressursane våre. Veldig mange land i verda strevar med å få dette til. Dette er kunnskap vi kan dele med FN-organisasjonar.
- Overvaking av pengebruken: Med fleire nordmenn i FN kan vi lettare følgje bruken av midlar og analysere og rapportere på bruken. Dette er avgjerande for god pengeforvaltning.
- Fredsmekling og identitet: Noreg har tradisjonar med fredsmekling og Nobels fredspris. Dette er viktig i FN-arbeidet, og kan styrkast med fleire nordmenn i organisasjonen.
- Nordisk leiing: Nordisk leiing er etterspurd i ei stadig meir kompleks verd. Medverknad og medråderett får fram gode løysingar i organisasjonane. Dette kan fleire nordmenn i FN bidra til.
Noreg er blant dei medlemslanda som gir mest pengar til FN per innbyggar, men i representasjon av tilsette er vi på nivå med land som Albania og Djibouti. Vi har eit stort potensial som ikkje blir utnytta for å styrke FN i møte med vår tids utfordringar. Det er i Noregs interesse at FN held fram som det viktigaste internasjonale forumet der stemmene til alle land vert høyrde.