Norec gjer unge forskarar betre rusta til feltarbeid
4. desember 2025
Å drive forsking ute i verda kan vere både lærerikt, og brutalt utfordrande. Etter vellukka kurs for unge forskarar i Bergen ser Norec no framover.
Målet er å vidareutvikle ei satsing som gir forskarar verktøy til å handtere feltarbeid, etikk og psykisk press. Arbeidet byggjer på Norec si kjernekompetanse: Læring gjennom internasjonale erfaringar.
Ikkje berre metode og teori
Kva skjer når unge forskarar reiser ut med ansvar for eigne prosjekt, men utan rutinar for å ta vare på seg sjølve?
Ein fersk debatt i akademia viser at mange forskarar får lite rettleiing om tryggleik og psykisk helse før feltarbeid.
Feltarbeid gir innsikt som klasseromsundervisning ikkje kan erstatte, men byr også på nye utfordringar. Mange unge forskarar hamnar i situasjonar som ikkje er svart-kvite, og som krev dømmekraft meir enn metode.
– Mange kjenner seg åleine i møte med kulturforskjellar, etiske dilemma og presset om å lukkast, seier Ole Johannes Kaland, seniorrådgivar i seksjon for kunnskap og læring i Norec.
– Det handlar ikkje berre om praktiske førebuingar. Forskarane treng eit språk for dei vanskelege situasjonane, og eit fellesskap der dei kan snakke ope om det som skjer i felt. Det må delast og snakkast om.
Samarbeid med forskingsmiljø
I 2025 arrangerte Norec seminar i samarbeid med Christian Michelsen Institutt i Bergen. Psykisk helse, etikk og tryggleik under feltarbeid stod sentralt, med bidrag frå psykolog Per Sjöberg frå Institutt for psykologisk rådgivning (IPR).
Seminaret vart leia av seniorrådgivar Ole Johannes Kaland og rådgivar Erika Rojas frå Norec sin seksjon for kunnskap og læring. Begge har doktorgrad og solid erfaring frå forskingsfeltet.
Tilbakemeldingane var svært gode. Mange peikte på at temaa sjeldan blir tekne opp i forskarutdanninga, og at det var første gong dei kunne snakke ope om kva feltarbeid faktisk gjer med ein.
– Deltakarane delte erfaringar frå alt frå sørlege landsbyar til polare ekspedisjonar. Poenget er ikkje å gi fasitsvar, men å skape rom for refleksjon, seier Kaland.
Han understrekar at samarbeidet med CMI gir verdifulle perspektiv på korleis ein best kan støtte unge forskarar.
– Vi har sett kva som fungerer, og kva som er krevjande for dei som reiser ut. Det gir oss ei solid plattform for vidare arbeid, seier han.
Ei satsing som treffer eit behov
Programdirektør Tehetena Woldemariam peikar på at arbeidet byggjer på fleire tiår med internasjonale utvekslingar og læring.
– I internasjonalt samarbeid er respekt, tillit og evna til å forstå andre kulturar avgjerande, særleg når ein går inn i ein ny kontekst. Dette er ferdigheiter som kan styrkje både forskingsprosjekt og forskarar, og her kan Norec tilføre noko viktig. Vi sit på ein kompetanse som forskingsmiljø over heile landet kan dra nytte av, seier ho.
Norec planlegg liknande arrangement på Austlandet i 2026.
– Vi ser at denne typen kurs fyller eit tomrom. Difor ønskjer vi å gjere dette tilgjengeleg for fleire, slik at endå fleire unge forskarar kan reise ut godt førebudde, seier Kaland.