Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) utførte samfunnsoppdraget sitt godt, sjølv om organisasjonen gjekk gjennom ein krevjande flytteprosess frå Oslo til Førde.

Det er konklusjonen i ein rapport frå Menon Economics, utført på oppdrag frå Norec. I rapporten har Menon også samanlikna Norec med andre statlege etatar som har vorte flytta. Her skil Norec seg ut på to punkt. Etatsstyringsdialogen med Utanriksdepartementet har vorte betre, og Norec leverer betre på samfunnsoppdraget etter flyttinga.

– Det er kjekt å få stadfesta at vi i Norec gjorde jobben vår, også medan vi var i ein prosess der vi flytta organisasjonen frå Oslo til Førde, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

Norec er eit kompetansesenter for internasjonal arbeidsutveksling for unge arbeidstakarar, og skal bidra til å realisere dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk. Norec gir tilskot, oppfølging og kursing til rundt 220 partnarar i ei rekke land. Desse partnarane er organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Noreg, Afrika, Asia og Latin-Amerika. Saman jobbar dei med å løyse globale problem, utfrå lokale behov og føresetnader.

Her kan du laste ned heile rapporten

Bytte plass og namn

Fram til 2018 heldt Norec til i Oslo, då under namnet Fredskorpset. Som eit ledd i Solberg-regjeringa sin plan om å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo for å styrke arbeidsmarknaden i heile landet, vart Fredskorpset bestemt flytta ut av Oslo i juni 2017. Norec var på plass i Førde frå og med august 2018.

I rapporten slår Menon fast at Norec har lukkast i å få med seg nødvendig kompetanse frå Oslo til Førde. Norec har levert godt på samfunnsoppdraget under heile flytteprosessen. Menon peikar på at dette kan forklarast både med at ein fekk med seg tilstrekkeleg kompetanse i etableringsfasen i Førde, i tillegg til at Norec lukkast godt med å rekruttere og lære opp nye tilsette.

– Rekruttering og opplæring er noko vi jobbar aktivt med, og som vi meiner vi er gode på. Det er gledeleg at rapporten støttar opp under oppfatninga vår, seier Baarøy.

Tilbake til normalen

Etter eitt år i Førde, i 2019, var talet på partnarar, utvekslingar og samarbeidsprosjekt stabilt. Undersøkingar synte at tilfredsheita blant brukarar var stabilt svært høg.

I løpet av 2020 og 2021 gjekk derimot tala på partnarar, utvekslingar og samarbeidsprosjekt kraftig ned, grunna covid-pandemien som sette ein stoppar for alle fysiske utvekslingar. Likevel klarte Norec å halde 60 av 80 Norec-støtta prosjekt gåande med digitalt samarbeid gjennom pandemien. Tilfredsheita blant brukarane heldt seg jamt på eit svært høgt nivå.

– I løpet av 2022 hadde vi 81 samarbeidsavtalar som var aktive i heile eller delar av året. Dette er éin meir enn i 2019, som var førre normalår. I 2022 støtta vi til saman 181 ulike organisasjonar. No er vi tilbake på omtrent det aktivitetsnivået vi hadde før pandemien, seier Baarøy.

Betre dialog med UD

Frå april 2021 fekk Norec ansvar for å forvalte rekrutteringsordningane til norske juniorekspertar (JPO), FN-frivillige (UNV) og stipendiatordninga til praktikantar i FN. Denne oppgåva låg tidlegare hjå Utanriksdepartementet.

Rapporten slår fast at ei slik delegering av ei viktig arbeidsoppgåve indikerer at Utanriksdepartementet har tillit til Norec si forvalting og evne til å levere. Rapporten konkluderer også med at dialogen mellom Utanriksdepartementet og Norec har vorte betre etter flyttinga til Førde.

Lærdom for andre

Menon konkluderer i rapporten at flyttinga og etableringa i Førde alt i alt ser ut til å ha vore vellukka. Skal ein peike på læringspunkt, syner rapporten at det er viktig for medarbeidarane at leiinga er open om bruk av verkemiddel, og at manglande openheit kan skape misnøye. Dette er eit punkt som bør leggast vekt på ved eventuelle seinare utflyttingar av statlege verksemder. I tillegg verkar det som pendlarordningar, der tilsette vert med for ein periode, kan vere viktig for å få overført kompetanse.