WEBINAR: SLIK GJER DU UTVEKSLING RELEVANT I JOBBSØK
Har du vore på utveksling med Norec?
Då har du garantert lært mykje – både om verda og deg sjølv. Opphaldet har forma deg, og du har fått ferdigheiter som norske arbeidsgivarar set pris på.
Men korleis viser du dette når du søker jobb? Synest du det er vanskeleg å konkretisere erfaringane dine, slik at arbeidsgivarar forstår kva du faktisk kan bidra med? Då er dette webinaret for deg.
I webinaret tek vi utgangspunkt i STAR-metoden og viser korleis du kan gjere erfaringane dine konkrete og relevante i ein jobbsøkar-kontekst. Vi ser også på korleis du kan bygge opp CV-en din slik at arbeidsgivar raskt forstår verdien av det du har med deg frå utveksling.
Dato: 15. mai 2025
Klokkeslett: 13.30
Påmelding her.
Om kurshaldarane:
- Camilla Valvik er senior HR-rådgivar i Norec. Ho jobbar mellom anna med rekruttering til FN-stillingar, og har mange års erfaring frå HR og leiing.
- Cathrine Ekehaug er senior kommunikasjonsrådgivar i Norec. Ho har tidlegare vore kommunikasjonsleiar og journalist, og rekrutterar i bemanningsbyrå.
Vil du få innspel på ein konkret situasjon frå utvekslinga?
Har du ei erfaring du gjerne vil vise fram i jobbsøkinga, men er usikker på korleis du skal formulere den? Send den inn på førehand til cathrine.ekehaug@norec.no eller camilla.valvik@norec.no.