Det afrikanske jentelaget Nyawa United tapte alle kampane sine på Norway Cup i år. Men berre ved å delta kjempar dei ein langt viktigare kamp. Kampen for jenter sine rettar i Zambia.

– Jenter er ofte sett på som nokon som ikkje kan noko. Men å vere del av Nyawa United viser at i Nyawa så kan ein gjere som ein vil, uavhengig av om ein er jente, seier Mataa Litebele.

16-åringen er kaptein på Nyawa United. Det einaste jentelaget frå Afrika som spelte på Norway Cup 2022. Som tapte alle kampane sine, men vann ein plass i mange sine hjarte. Ho er tydeleg på at fotballen har endra livet hennar.

– Før var eg meir sjenert, og ikkje ei som tok ordet. Eg var faktisk redd. Gjennom fotballen har eg fått meir sjølvtillit, og no veit eg at eg kan få til kva eg vil. Eg kan tenke på framtida no, seier Litebele.

Mange jenter blir gifta vekk

Det er ikkje sjølvsagt at jenter får sjansen til å spele fotball eller drive med idrett i Zambia. Jenter har mykje ansvar i heimen frå dei er ganske unge. Å hente vatn, lage mat, koste golv og vaske klede er oppgåver som fyller kvardagen deira.

Å spele fotball blir mange stadar sett på som nesten uhøyrt. Eller som vekkasting av tid.

I tillegg er Zambia eitt av dei landa som har flest barneekteskap i verda. Ifølge Unicef Zambia vert 29 prosent av zambiske jenter, som no er mellom 20 og 24 år, gifta vekk før dei fylte 18 år.

– Jenter blir ofte gifta bort svært unge, og er gjerne gravide alt som 15-åringar. Dei går ikkje på skulen når dei har menstruasjon, og mange droppar ut av skulen tidleg av fleire årsaker, fortel Annet Sonko.

Det var ho som kom med den ville ideen. Om at det hadde vore kult å sende eit jentelag i fotball frå den afrikanske landsbygda til verdas største fotballturnering. Norway Cup.

Ville sette det rurale Zambia på kartet

Vi skrur tida nesten tre år tilbake, til januar 2019. I ein liten by i Zambia sit fem personar under eit mangotre. Amy-Kristine Andersen, Anette Kristoffersen og Sandra Instebø frå Norge, Annet Sonko frå Uganda og Amon Kasweka frå Zambia.

Fem unge frivillige menneske som har vorte kjende med kvarandre på grunn av felles bakgrunn som utvekslingsdeltakarar. Fire av dei gjennom Idrettens fredskorpsei utveksling i regi av Norges Idrettsforbund, finansiert av Norec.

– Vi tykte ideen til Annet var god. Vi ønskte å sette det rurale Zambia på kartet og vise at det er moglegheiter, sjølv om du er fødd inn i eit liv med få ressursar, fortel Andersen.

Dei valde seg ut den vesle landsbyen Nyawa, som ligg om lag 120 kilometer frå Livingstone. Response Network, organisasjonen som Sonko jobbar for, hadde prosjekt i landsbyen frå før, og dermed var det lettare å knyte kontaktar, mellom anna med landsbyhøvdingen.

Ønskte utvikling på fleire felt

I mars 2019 vart alle jenter fødde mellom 2004 og 2006 inviterte til å prøve fotball på ei tørr grasslette i den vesle landsbyen.

– Vi plukka ut ti jenter basert på ferdigheiter, interesser og kvalitetar som er viktige for eit lag. Vi ønskte ei utvikling hjå jentene, også utanfor bana, fortel Andersen.

For i tillegg til fotballtrening, var planen å halde workshops der ein snakka om forskjellige tema som utdanning, barneekteskap, tidleg graviditet og likande.

Jentene gjekk inn i fotballtreninga med liv og lyst. Samtidig måtte dei fem frivillige jobbe vidare med den langsiktige planen om å få jentelaget til Norway Cup. For éin ting er å ha eit hårete mål. Noko anna er å få på plass alle element som skal til for å lukkast.

Å ha tett kontakt med føresette, i tillegg til landsbyhøvdingen, var ein føresetnad for at prosjektet skulle kunne fungere.

– Akkurat den biten synte seg å vere den enklaste. Den første utfordringa kom i juli 2019, då vi skjønte at ingen av jentene hadde ID-papir, seier Andersen.

Krevande å få på plass fødselsattest

I Norge får du automatisk eit fødselsnummer og hamnar i fødselsregisteret når du vert fødd. I Zambia vert informasjonen om at du er fødd, skriven på eit papirkort. Svært mange endar opp med å miste dette kortet i løpet av livet, rett og slett fordi det forsvinn med regnsesong og flytting. Og har du ikkje ID-papir, så får du heller ikkje pass. Og då er ein utanlandstur noko du kan sjå langt etter.

– Det vart starten på ein veldig lang prosess med involvering av fleire statlege etatar i Zambia og føresette, då fleire av jentene ikkje lenger har att foreldre, fortel Andersen.

Like før jul i 2019 var fødselsattest for alle ti jentene på plass. Men for å få pass, må du ha passbilete. Og i Nyawa er det ingen fotograf. Dermed måtte hovud leggast i bløyt.

For det fanst ikkje pengar til å ta med alle jentene inn til den næraste byen Livingstone for å bli fotografert.

– Vi måtte tenke kreativt. Vi tok med lakenet frå senga mi, sette oss på ein motorsykkel og køyrde dei 120 kilometrane frå Livingstone til Nyawa, fortel Andersen.

Vel framme spurte dei kona til pastoren i Nyawa pent om ho kunne stryke lakenet for å få det så slett som mogleg.

– Med to varme steinar strauk ho ut kvar einaste rynke på lakenet, fortel Andersen.

Deretter teipa dei lakenet opp på baksida av eit hus og tok bileta med den aldrande Iphonen til Andersen.

– Det seier i grunnen alt. Vi brukar det vesle vi har, til fulle, seier Andersen.

Covid-pandemien sette bråstopp for alt

I desember måtte jentene inn til passkontoret i Livingstone saman med ein føresett for å få pass. Alle fullførte intervjuet, og vel fire veker etter var passa på plass.

– Eg drog heim til Norge i februar 2020, og vi var innstilte på at laget skulle komme til Norway Cup i august 2020, berre vi fekk på plass alle sponsormidlane vi trengde, seier Andersen.

Men så skjedde det som ingen kunne ha sett for seg. Covid-pandemien stakk kjeppar i hjula for alt som heitte planar. På ein-to-tre vart reising berre eit fjernt minne. Og arrangement av alle størrelsar avlyst på rekke og rad.

– Vi skjønte jo at det ikkje kunne gå, så vi måtte berre sjå framover, seier Andersen.

Det skulle gå to år før Norway Cup kunne arrangerast etter pandemien.

Ei kontinuerleg jakt på sponsormidlar

Men sjølv med covid under kontroll, var det mørke skyer i horisonten. Ei verd i lock down og eit næringsliv i grus, førte til at det draup fint lite frå sponsorar. Faktisk var dei nesten umoglege å finne.

– Frå mars 2020 til april i år var Sandra, Anette og eg i Noreg, medan Annet og Amon var i Zambia. Vi har jobba kontinuerleg med å skaffe pengar, på sida av våre vanlege jobbar, men spesielt i etterkant av covid har det vore svært krevande å få ut sponsormidlar, fortel Andersen.

Men når ein vil noko veldig sterkt, finn ein krefter ein knapt visste ein hadde. Etter over 800 e-postar til bedrifter, loddsal, sal av zambiske produkt og tusenvis av frivillige arbeidstimar, fall dei siste brikkene på plass i juni 2022. I grevens tid for å få jentene til Norway Cup.

Deltakinga vart ein siger i seg sjølv

Då dommaren bles i gang første kampen til Nyawa United på Norway Cup, var det knapt eit tørt auge å spore hjå støtteapparatet.

– Det var enormt emosjonelt å vere vitne til, seier Andersen.

– Det er ein av dei største opplevingane i livet mitt. Å sjå jentene spele fotball og synge, og at dei skapte nye vennskap, gjorde meg rørt, seier Annet.

Sjølv om jentene har utvikla seg stort som fotballspelarar i løpet av tre år, vart motstanden i Norway Cup mange nummer for sterk.

– Det vart nokre tårer, ja. Samtidig var vi det einaste afrikanske jentelaget i Norway Cup. Det trur eg jentene var veldig stolte av. Dei yngste var 13 år då vi starta prosjektet, no er dei 16. Å sjå den forvandlinga dei har vore med på, er rørande, seier Andersen.

Frå at fleire av dei knapt torde å ta ordet i ei forsamling, er det no ein gjeng trygge jenter som møter andre med sjølvtillit. Ein gjeng jenter som har fått opplevingar for livet.

– Det har vore fantastisk å få følgje dei. Vi vil at dei skal ha trua på at dei kan få det til, sjølv om dei er fødde inn i eit liv med færre ressursar. No drøymer fleire av dei om å ta utdanning, og dei vil vere med å bygge Zambia. Det er stort, seier Andersen, noko jentene gjerne vil utdjupe.

– Eg har lyst til å studere jordbruk og få meg ein jobb slik at eg kan klare meg sjølv økonomisk, og på sikt også støtte familien min. Den største draumen min er å bli teken ut på det nasjonale kvinnelandslaget i fotball, seier keeper Purity Sikayasa.

Ein augeopnar for mange

Kaptein Litebele har også klare tankar om kva yrkesveg ho ønsker å gå.

– Eg har lyst til å bli bygningsingeniør og vere med og bygge fine bygg i Zambia. Viss det ikkje blir ingeniørstudiar, så blir det medisinstudiar. Det hadde vorte veldig kjekt å studere i utlandet, seier Litebele.

Turen til Norway Cup har gjort at ti jenter og ein ball har fått ei viktig rolle i kampen for likestilling, både i landsbyen Nyawa og i heimlandet Zambia.

– Prosjektet har vore ein augeopnar for heile samfunnet. I byrjinga var det fleire foreldre som ikkje trudde på prosjektet, og nokre jenter fekk heller ikkje lov til å vere med. Men då laget kom tilbake frå Norway Cup, ringde foreldre og spurte om jentene deira også kan vere med å trene. Det er stort, seier Sonko.

I haust arrangerte dei fotballturnering for seks jentelag i Nyawa – noko som hadde vore utenkeleg for tre år sidan.

– Det viser berre at samfunnet er støttande til at jenter spelar fotball, og at prosjektet vårt har klart å starte ei mobilisering for å få jenter inn i idretten. Når eg tenker tilbake på korleis det alt starta, og kor vi er i dag, så er det knapt til å tru, seier Sonko.