Seks månadar i Sør-Afrika gir norske sjukepleiarar eit yrkesliv med erfaring.

– Eg trur eg har vore med på meir traume med alvorleg skadeomfang på dei seks månadane enn om eg hadde jobba i mottak på eit norsk sjukehus fram til eg vert pensjonist.

Det seier akuttsjukepleiar Hanne Lindrup Fosse (32). Saman med kollega Lene Eriksen (33) var ho eit halvt år på utveksling i Sør-Afrika på eit prosjekt som Haukeland universitetssjukehus har saman med Sefako Makgatho Health Sciences University/Dr. George Mukhari Academic Hospital.

Under utvekslinga var dei stasjonert på tre stadar, på akuttmottaket ved DGMAH, på ei avdeling med traumepasientar og dessutan at dei fekk jobbe i ambulansen.

Fosse har ikkje tal på alle tilfella ho og Eriksen fekk vere med på medan dei var i Sør-Afrika. Eriksen eksemplifiserer det slik:

– Ein dag hadde vi berre ein skotskade på ein arbeidsdag. Då gjekk alle rundt og snakka om at det var ein unormalt roleg dag. Normalt sett ville det kanskje vere mellom fem og ti alvorlege hendingar, seier Eriksen.

 

Ein må ha det i fingrane

Traume-utvekslinga mellom Haukeland universitetssjukehus og Sefako Makghato Health Sciences University/Dr. George Mukhari Academic Hospital har gått over tre periodar og er finansiert av Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid).

Til vanleg jobbar dei to akuttsjukepleiarane ved Haukeland universitetssjukehus der dei vekslar mellom å jobbe i akuttmottak og på korttidspost.

– I Sør-Afrika er mengda av alvorlege hendingar så utruleg mykje større, og ofte langt meir alvorleg enn det vi ser i Noreg. Pasientane som kjem inn på sjukehus i Sør-Afrika er svært alvorleg skadde. Det er på mange måtar meir brutalt, og skadane ein finn er meir alvorlege, fortel Fosse.

– Når vi jobbar på Haukeland får vi ikkje mengdetreninga. Og det er nettopp mengdetrening vi som jobbar med dette, treng. Litteraturen er der, men ein må ha det i fingrane, ein må ha sett og opplevd det for å agere endå betre, seier Fosse.

Såg skadar ein ikkje ser i Norge

Trass i at begge sjukepleiarane er som erfarne i faget å rekne i norsk forstand, var inntrykka i Sør-Afrika i stor kontrast til kvardagen heime i Norge.

– Vi opplevde mykje skadar etter overfallsvald, mykje knivstikking, stikk med gjenstandar, skotskadar og brannskadar. Og vi fekk erfaring frå skader etter trafikkulykker som du ikkje er van med å sjå i Norge, fortel Eriksen.

I eit land der fartsgrensa mange stadar ligg mellom 120 og 140 kilometer i timen, i kombinasjon med at mange ikkje nyttar sikkerheitsbelte og einskilde køyrer ruspåverka, kan skadane verte svært omfattande.

Og nettopp variasjonen av skadar og alvorlegheitsgrada av dei, er noko som ligg til grunn for at ein har eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Sør-Afrika.

– Vi har veldig mykje færre alvorlege hendingar i Norge, heldigvis. Men dei som skal jobbe med dette, må ha øving for at dei skal kunne yte best mogleg hjelp. Og det er betre å ha jobba ute i felt, enn berre å ha øvd på teorien eller på ein gris, seier avdelingsdirektør for internasjonalt samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus Jon Wigum Dahl.

Norec-prosjekt får ringverknadar

Han presiserer at øvinga og erfaringa som helsepersonell får frå utveksling i Sør-Afrika ikkje ville vore mogleg å få til utan nettopp utveksling.

– Dei får ei mengdetrening som vi har kjempenytte av. Dei kunne aldri fått dette i Norge, rett og slett fordi vi ikkje har i nærleiken av så mange slike alvorlege hendingar. Og når sjukepleiarane og legane kjem tilbake til Haukeland, deler dei vidare kunnskapen dei har fått, seier Dahl.

Haukeland har over tid hatt mange prosjekt i utlandet, både Norec-finansierte og prosjekt finansiert på andre måtar. Langt over 100 medarbeidarar ved Haukeland har vore på utveksling gjennom Norec-finansierte prosjekt dei siste 20 åra.

Dahl legg til at sjukehuset også finansierer fleire typar utveksling sjølve, på mange fagfelt. Og i mange tilfelle har samarbeidet starta med nettopp eit Norec-prosjekt.

– Til dømes hadde aldri traumeprosjektet mellom oss og Sør-Afrika komme i stand utan Norec. Og så ser vi at det får ringverknadar. Vi hentar inn pengar frå andre stadar og kan utvide utvekslinga. Det er gjensidigheita som er essensiell i prosjekta. Eit langsiktig partnarskap mellom fagavdelingar gir så mange vinstar og når samarbeidet først er starta, så kan det vekse. Utan Norec ville ikkje det gått, seier Dahl.

Dei som skal jobbe med traume må ha øving for at dei skal kunne yte best mogleg hjelp. Det er betre å ha jobba ute i felt, enn berre å ha øvd på teorien eller på ein gris.

Jon Wigum Dahl Avdelingsdirektør for internasjonalt samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus
Jon Wigum Dahl

Er blitt betre rusta som sjukepleiar

Akuttsjukepleiarane Fosse og Eriksen rakk akkurat å avslutte utvekslinga si før covid-pandemien sette ein stoppar for all fysisk utveksling i mars 2020. Dei er klare på at halvåret i Sør-Afrika har gjort noko med dei når dei utøver yrket sitt der dei jobbar ved Haukeland universitetssjukehus.

– Det er ikkje slik at eg har sett alt. Men eg har sett veldig mykje. Og dess meir ein ser, dess meir erfaring får ein. Det gjer at ein som sjukepleiar vert meir roleg og har ei større ro når det kjem inn alvorleg skadde pasientar og ein må halde hovudet kaldt medan ein jobbar, seier Fosse.

Det er kollega Eriksen samd i.

– Eg er betre rusta i jobben min som akuttsjukepleiar. Når ein jobbar i eit akuttmottak og det kjem inn ein pasient som er svært hardt skadd, så ser det ofte forferdeleg ut. Men når du har erfaring, så veit du at du kan jobbe deg gjennom det utan å bli påverka. Vi har lært meir om kva som skjer med kroppen ved traume, kva som er viktig, kor lang tid vi har til å gjere ting, og vi har sett at ting kan gå fint sjølv om ein trur det kanskje ikkje gjer det, seier Eriksen.

Fosse og Eriksen er også klare på at ei slik utveksling gir mykje tilbake til Haukeland som organisasjon.

– Vi er ein stor organisasjon, så det er avgrensa kor mykje vi klarar å lære vekk sidan prosjektet berre har hatt tre rundar. Men dess fleire som får reise på utveksling, dess fleire kan lære frå seg. Eg meiner Haukeland har godt utbyte av det, og vi deler av kunnskapen vår der vi kan, seier Fosse.

Norske sjukepleiarar får mengdetrening i traume

Pasientar i Sør-Afrika får betre helsehjelp

Mangel på kommunikasjon og organisering

– Største skilnaden på vårt sjukehus og Haukeland universitetssjukehus er kommunikasjonen og måten dei er organiserte på, seier intensivsjukepleiar Colisiwe Dephney Ribombo.

38-åringen sjonglerer ein travel kvardag mellom skifta sine på traumeavdelinga ved Sefako Makgatho Health Sciences University/Dr George Mukhari Academic Hospital i Pretoria i Sør-Afrika og rolla som tvillingmor til gutar på 15.

I 2018 var ho på seks månadar utveksling ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, ei utveksling som er finansiert av Norec. Her fekk ho eit djupdykk i korleis norsk helsevesen er bygd opp.

– På Haukeland var eg med på akuttmottaket, akuttposten, korttidsposten og utgreiingsmottaket, og dessutan at eg fekk vere med på Voss sjukehus og i ambulansetenesta. Det var svært lærerikt, seier Ribombo.

Veit kva som møter dei

Ho er imponert over korleis kommunikasjon og organisasjon heng i hop.

– I Norge er kommunikasjonen mellom ambulanse, AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) og sjukehuset tett. Før pasienten kjem inn til sjukehuset veit AMK det ambulansepersonalet veit, og dei vil ha kommunisert det til helsepersonellet i akuttmottaket, seier Ribombo.

Ho peikar på at denne måten å jobbe på gjer at helsepersonellet ved sjukehus i Norge veit nøyaktig kva som møter dei når dei står klar til å ta imot ein pasient som kjem inn med ambulanse. Slik er ikkje kvardagen i Sør-Afrika.

– I Norge er kommunikasjonen fantastisk. Det er det vi manglar i Sør-Afrika. Det er berre i dei aller mest alvorlege traumetilfella vi har kommunikasjon som liknar, seier Ribombo.

Det gir utfordringar når ein skal yte helsehjelp raskt nok.

– Og der kjem dette med organisering inn. I Norge står eit heilt team av forskjellige faggrupper på sjukehuset klare når ein pasient kjem inn i mottak. Dei samarbeider og finn raskt ut kor pasienten skal vidare i behandling, fortel Ribombo.

Colisiwe Ribombo
Colisiwe Ribombo

Har som oftast berre ein lege tilgjengeleg

Kvardagen hennar i Sør-Afrika er langt meir kaotisk.

– For det første har vi veldig mange pasientar, rett og slett eit overbelegg. Og så er vi færre sjukepleiarar og legar på jobb. Til dømes har vi ofte berre ein lege i mottak, og viss han eller ho er oppteken med ein alvorleg skadd pasient, så må dei andre vente. Ofte kan pasienten måtte vente så lenge som eit døgn før han vert send vidare på avdelinga der han skal, seier Ribombo.

Men desse utfordringane prøver ein no å få ei endring på på Sefako Makgatho Health Sciences University/Dr George Mukhari Academic Hospital. Mykje takka vere erfaringa som sørafrikansk helsepersonell har fått gjennom utvekslinga med Haukeland universitetssjukehus.

– Vi prøver no å ha ein spesiell lege tilgjengeleg for å kunne sjå på dei alvorleg skadde pasientane når dei kjem inn i mottak, seier Ribombo.

I tillegg driv dei aktiv etterutdanning for å gi sjukepleiarane auka kunnskap.

– Vi utdannar sjukepleiarane meir slik at dei kan oppdage livstrugande tilstandar og gjere noko med dei. Som oftast har vi berre ein lege tilgjengeleg. Når han er oppteken, kan andre pasientar bli endå dårlegare utan at nokon oppdagar det. Men ved å få ein lege til på plass, og dessutan lære sjukepleiarane meir, så vil dei kunne sjå om pasienten vert dårlegare og eventuelt setje inn tiltak utan å måtte vente på lege, seier Ribombo.

Vil endre legerundane

Etter erfaringane dei hausta i Norge, jobbar dei no med å endre måten legerundane vert gjennomførte på. Slik det fungerer i dag, går legane rundt og tek diskusjonen om kva som skal skje vidare med pasienten, ved senga til pasienten. Men det ønskjer dei å endre.

– Slikt gjer jo pasienten usikker. Å sjå legar diskutere om helsetilstanden din, innbyr ikkje til tillit. Vi ønskjer å ta diskusjonane og avgjerdene på eit møte i forkant. Så formidlar ein resultatet eller avgjerda om vidare behandling til pasienten under legerunden, seier Ribombo.

Under opphaldet i Norge erfarte helsepersonellet frå Sør-Afrika nytta av simulering, noko dei også ønskjer å innføre ved eige sjukehus.

– Når vi simulerer, så snakkar vi berre. I Norge gjer dei det praktisk med ein ekte pasient (markør), dei utfører det dei skal øve på og gjer ting skikkeleg. Det må vi også gjere. Når vi gjer ei øving så må vi gjere det så realistisk som råd, slik at vi får det inn i hovudet og fingrane. Då sit det der når vi må bruke det i ein reell situasjon, seier Ribombo.

Lene Eriksen og Hanne Lindrup Fosse

Har vorte introdusert til nytt utstyr

Samarbeidet med Haukeland og Norec har også ført til at SMU har fått midlar til å investere i utstyr som lettar kvardagen.

– Vi har fått på plass ein fleksibel bronkoskopi, som gjer at legane der og då kan sjekke kva det er som hindrar pasienten i å puste skikkeleg. Før måtte vi låne maskin frå ein annan avdeling, så det å ha vår eiga maskin i mottak har hjelpt mykje, fortel Ribombo.

Etter opphaldet i Norge har dei også fått bekkenslynge, ein støttebandasje som ein nyttar for å stabilisere pasientar med hoftebrot, og dessutan ei maskin som kan utføre hjartekompresjonar medan pasienten vert flytta på.

– Tidlegare brukte vi eit laken som vi knytte til for støtte. Men no har vi eit utstyr som stabiliserer brotet med få grep. Og kompresjonsmaskina er til stor hjelp dersom ein skal flytte alvorleg skadde pasientar frå ein stad til ein annan medan dei treng kompresjonshjelp, seier Ribombo.

Lærer av å lære frå seg

På same tid som helsepersonell frå Sør-Afrika er i Norge på utveksling, er også norske sjukepleiarar på utveksling i Sør-Afrika. Her får dei massiv mengdetrening spesielt når det kjem til behandling av alvorlege traume som trafikkulykker, skotskadar, valdsskadar, brannskadar og knivstikking.

Slike hendingar er daglegdagse i Pretoria, medan det i Norge kan gå månadar mellom slike tilfelle. Ribombo seier det gjer noko med heile organisasjonen å erfare kva dei kan lære frå seg av kunnskap.

– Det norske helsepersonellet lærer mykje når dei er i Sør-Afrika. Og vi lærer mykje av å få lære dei korleis vi gjer det her. Partnarskapet endrar haldninga til folk og det endrar haldningane vi har. I sum fører det med seg endringar som gjer kvaliteten på behandlinga pasientane får, betre, seier Ribombo.

Fleire tilsette må få denne erfaringa. Sjølv om dei berre tek med seg heim ein liten ting av det dei har lært, så er det eit lite steg i rett retning.

Carina Marais Prosjektkoordinator Sefako Makgatho Health Sciences University/Dr George Mukhari Academic Hospital

Trur samarbeidet vil halde fram i lang tid

Prosjektkoordinator Carina Marais rosar samarbeidet og utvekslinga med Haukeland universitetssjukehus.

– Det er veldig viktig, og det flotte er at kunnskapen går begge vegar. Vi lærer mykje frå Haukeland, og dei lærer mykje frå oss. Spesielt når det kjem til traumebehandling og å lære om sjukdommar som ein ikkje ser så mykje av i Norge, seier Marais.

Samarbeidet har gått over tre år til no. Marais ser for seg at dette er eit samarbeid som vil halde fram lenge.

– Fleire tilsette må få denne erfaringa. Dei må jobbe med dette kvar dag. Sjølv om dei berre tek med seg heim ein liten ting av det dei har lært, så er det eit lite steg i rett retning, seier Marais.

Å jobbe langsiktig er viktig for å få til endringar som på sikt vil gi større endringar.

– Spesielt når det kjem til system og organisering har vi klart å gjere små endringar. Når fleire sjukepleiarar får reise på utveksling vil det truleg føre til endå fleire endringar. Vi må ta små barneskritt om gangen. Det er det det heile handlar om, seier Marais.

Søk om tilskot til ditt prosjekt
Kontakt oss