Hopp til hovudinnhald

Prosjektsøknad

Når du har fullført og fått godkjenning av forundersøkinga, kan du søke om ein samarbeidsavtale med Norec.

Søknadskriterium og prosjektlengde

Nye partnarskap kan søke om 1–2-årig avtale 

Norec vurderer søkaren si evne til å:

  • følge opp og støtte tilsette som er på utveksling
  • samarbeide godt i eit partnarskap
  • oppnå resultat
  • forvalte prosjektet økonomisk 

Partnarskap som har eksisterande avtalar med Norec kan søke om 2–3-årig avtale 

Dette vurderer Norec når eksisterande partnarskap søker om ein ny avtale: 

  • oppfølging av deltakarar
  • samarbeid i partnarskapet
  • resultat av partnarskapet
  • økonomistyring
  • prosjektutvikling 

Partnarskap som har fått tilskot frå Norec i over 5 år kan søke om 3–5-årig avtale

Dette vurderer Norec når partnarskap søker om eit prosjekt som varer i over 3 år: 

  • alle punkta ovanfor
  • gjensidig læring i partnarskapet – korleis organisasjonane bruker læring frå partnarskapet og tidlegare Norec-prosjekt
  • korleis utvekslingsprosjektet bidrar til organisasjonslæring 
  • Vi vurderer dessutan alle prosjekt som ein del av prosjektporteføljen til Norec. 

Søknadsfrist

Samarbeidsprosjekt med planlagt oppstart i 2025, må søke innan 1. juni 2024.

NB: Alle prosjekt må ha gjennomfort ei forundersøking, før ein kan søke om samarbeidsavtale.

Søknadsdokument – samarbeidsavtale

Søkaren må utforme eit prosjekt som fremmar institusjonelt samarbeid, aukar organisasjonskapasiteten og fører til utveksling av kunnskap og kompetanse. Fysisk utveksling av medarbeidarar er eit krav når det er mogleg, men kan kombinerast med virtuell utveksling. 

Slik søker de:

Den overordna prosjektskildring utgjer hovuddelen av søknaden. Her presenterer de partnarane i samarbeidet og gir informasjon om utvekslinga og prosjektresultata. Dokumenta kan ikkje vere passordbeskytta.

Følgande dokument inngår i søknaden:

Dokument frå alle partnarar i prosjektet

  • eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (last ned)
  • firmadokumentasjon 
  • Signaturrettar
  • skatteattest 
  • vedtekter 
  • nyaste årsrapport
  • nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
  • urevidert årsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal
  • gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane 

Dokument de må sende inn, dersom søknaden blir godkjend: 

Rundedokument

Ein samarbeidsavtale er delt inn i runder. Ein rundebeskrivelse viser mellom anna kva aktivitetar, arbeidsoppgåver og oppdrag deltakarar utfører for nå måla i prosjektet. Partnarskapet sender inn rundebeskrivelse og budsjett for kvar runde til Norec. Ei runde kan vare mellom 3 og 18 månader.

Følgande dokument inngår i søknaden:

Dokument frå alle partnarar i prosjektet:

  • nyaste årsrapport
  • nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
  • gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane 

Vi oppmodar koordinerande partnar om å samle inn alle naudsynte dokument på vegne av partnarskapet, og sende desse samla i ein e-post til programrådgivar.

Rapportering – runde

Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi undervegs i prosjektperioden.

Koordinerande partnar må rapportere aktivitetar, kostnader og resultat i prosjektet etter kvar utvekslingsrunde. På vegne av partnarskapet må dei også levere inn ein samla revisjonsrapport av Norec-midlane for kvar runde.

Slik rapporterer du:

Runderapporten skal leverast ein månad etter endt runde, medan den økonomisk rapport skal leverast fire månader etter at runda er gjennomført.

Rettleiing

Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt.

Revidering av prosjektet

Dersom partnarskapet vil gjere endringar i prosjektet kan det krevje ei revidering. Dette kan partnarskapet avklare med den ansvarlege programrådgjevaren i Norec. Dersom det er naudsynt må partnarskapet sende ein «amendment application.» Dersom endringane påverkar budsjettet, må partnarskapet sende inn eit revidert budsjett saman med søknaden.

Følgande dokument inngår i søknaden:

Sluttrapportering

Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi etter siste runde av utvekslinga.

Resultatrapporten skal skildre oppnåinga av forventa resultat, jamfør resultatrammeverket.

Bruk dokumentet under, C05-Results report.

Rapporten skal skildre kva aktivitetar som er gjennomført, og korleis desse har bidratt til å nå målsetjingane for prosjektet.

Rapporten skal baserast på tilskotsbudsjettet frå prosjektsøknaden. Her skal du dokumentere faktiske kostnader opp mot budsjetterte utgifter. I tillegg du levere ein ekstern revisjon for avtaleperioden.

 

Rettleiing

Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt.