Vi feirar i dag at det er 74 år sidan FN-pakta trådde i kraft, avtalen som 193 land stiller seg bak og bind seg til for å støtte arbeidet for «internasjonal fred og sikkerheit og utvikle vennskapelege relasjonar».

Korleis har det gått med FN desse 74 åra? Er det arbeidd for fred? Er verda sikrare? Og er det utvikla vennskapelege relasjonar? Reportasjane frå FNs generalforsamling i førre månad ga ikkje akkurat inntrykk av at leiarar frå dominerande land traktar etter vennskapelege relasjonar. Men om vi ser vidare ut i verda er det både gode og dårlege tendensar å spore. Ein del av dei positive trekka kan vi nok takke FN og deira organisasjonar (som for eksempel UNICEF) for å ha vore med på å skape.

 

Talet på menneske som vert drepne i krig har gått ned frå om lag ein halv million i 1950 til vel femti tusen i 2018. Ein fantastisk reduksjon! Samstundes har talet på flyktningar auka frå vel to millionar i 1950 til 26 millionar i 2018, og då må ein leggje til over 40 millionar internt fordrivne i tillegg. Men på den positive sida så er delen av verdas befolkning som lever i ekstrem fattigdom redusert frå over 60 % i 1950 til under 10 % i 2018. Og i same periode så sank delen barn som døydde før dei fylte fem år frå over 20 % i 1950 til 4 % i 2017. Fred er meir enn fråvær av krig.

 

Norec starta som Det norske fredskorps i 1963, og hadde som mål å skape framgang for folk som er «vanskelegare stilt enn vårt» og lære oss nordmenn om korleis andre lever andre stadar i verda. Eit mandat som er midt i hjartet av FN sitt mål. Mandatet vart endra i 2001 til at Norec skulle legge til rette for gjensidig utveksling mellom land. Det vil seie at når nokon reiser frå Noreg til Uganda for å bidra og lære, skal vi også ta i mot folk frå Uganda for å la dei bidra og lære her i Noreg.

 

FN er inga verksemd utan at alle medlemsland sine regjeringar og borgarar stiller seg bak. Det er våre bidrag og våre folkevalde som eig og driv FN. Difor er det også viktig at Noreg no på nytt får eit sete i Tryggingsrådet, for å presse på at FN igjen skal bruke sine diplomatiske musklar til å skape fred og løyse konflikt.

 

Vi i Norec nyttar år etter år offentlege midlar for at hundrevis av menneske frå ulike organisasjonar, bedrifter og institusjonar skal få reise og opphalde seg i eit anna land og hos ei anna verksemd i eit år av livet sitt. Det gjer vi for å utvikle venskapelege relasjonar som er med på å førebyggje konflikt og skape fred. Nokon kan nok vere freista til å spørje kva det hjelp å sende ut nokre hundre menneske kvart år? Til det svarar vi at det er mange organisasjonar som Norec i verda, inkludert FNs organisasjon for fri vilje (UNV), og til saman sender vi tusenvis på kryss og tvers mellom land.

 

Og vi kan minne oss alle på orda frå Mor Teresa, fredsprisvinnaren frå 1979 som sa: If you can’t feed a hundred people, then feed just one. Ingen kan gjere alt, alle kan gjere noko. Gratulerer med dagen!