Hopp til hovudinnhald

Bli bedre på samarbeid

05
juni

Førde

Korleis samarbeider du best med andre? Kva skjer når ulike perspektiv, kulturar og arbeidsstilar møtast?

Bli med på ein engasjerande workshop med Norec for å lære meir om nettopp dette.

I workshopen vil du få ei kort innføring i kva Norec jobbar med, men først og fremst høve til å bli kjent med din eigen arbeidsstil. Dei nyttar verktøyet Diversity Icebreaker for å synleggjere ulike preferansar i samarbeid og kommunikasjon, og som utgangspunkt for refleksjon og samtale.

Norec er Norge sitt kompetansesenter for internasjonalt samarbeid og jobbar med prosjekt i rundt 30 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Erfaringane viser at godt samarbeid, på tvers av grenser, kultur og personlege referansar, er heilt avgjerande for å lukkast.

Denne workshopen passar for alle som er nysgjerrige på samarbeid, mangfald og internasjonalt arbeidsliv. Du treng ingen forkunnskapar, men openheit og lyst til å delta.

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på i forkant.

Velkommen til ein sosial og lærerik workshop!