Hopp til hovudinnhald
Training Johannesburg

Seminar og rettleiing

Ønskjer du auka kunnskap om utveksling og internasjonalt samarbeid? Norec tilbyr både seminar og rettleiing for å dele kunnskapen vi har tileigna oss over mange år.

Rettleiing

Rettleiinga rettar seg først og fremst mot deg som arbeider med bistand. Norec har 47 kompetente tilsette med høg kompetanse og eit stort nettverk av samarbeidspartnarar frå 25 land. Vi har òg eit nettverk av tidlegare deltakarar som per 2024 består av meir enn 1700 personar frå om lag 50 land – der alle har arbeidd med ulike bærekraftsutfordringar i ulike sektorar på tvers av land og kultur.

Vi nyttar både eigen kompetanse og den vi har i nettverket vårt for å skreddarsy eit opplegg som er relevant for utfordringane organisasjonen din møter. Vi har 60 års erfaring med å halde utreisekurs, heimkomstkurs og kan levere ei rekkje andre tilpassa tematiske opplegg for aktørar som arbeider med interkulturelle utfordringar og partnarskap på tvers av grenser.

Vi veit at alle prosjekt har sine utfordringar. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva vi kan levere.

Dersom du har ytterlegare spørsmål eller treng meir informasjon, er det berre å seie ifrå! 😊

Kurs og seminar

Vi arrangerer også opne kurs og seminar som er relevante for deg som er interessert i utveksling og utvikling av internasjonale samarbeid. Oversikt over kommande arrangement finn du her. 

Eksempel på kurs kan vere:

  • Utreisekurs
  • Heimkomstseminar
  • Sikkerhet på reise
  • Kurs i resultatbasert målstyring
  • Kurs i interkulturell kommunikasjon / kompetanse
  • Leiing av mangfald
  • Tips for å bygge sterke gjensidige partnerskap
  • Skulebesøk – om Norec, om utveksling, prosjekteksempel.

Kursa våre vert gjennomført anten fysisk eller digitalt. Dei er gratis, men du må sjølv betale eventuell reise til og frå kursstaden.