Legalisering av abort, hardare tiltak mot kvinnedrap i nære relasjonar og kvinners rett til å bevege seg fritt utan frykt.

Tusenvis av kvinner og menn har samla seg i sentrum av Bogotá for å markere kvinnedagen 8. mars. Knusande slagord, parolar, og knytte nevar i eit fleire kilometer langt tog.

«Nei betyr nei. Alt anna er overgrep.»

«Skjørtet mitt er ikkje for kort. Utdanninga di er.»

«Eg ønsker å gå ut – utan å vere redd»

Nei betyr nei. Alt anna er eit overgrep. / Skjørtet mitt er ikkje for kort. Utdanninga di er. 

Eg ønsker å gå ut utan å vere redd. / Kvar dag vert 137 kvinner drept av eit familiemedlem. 

Medan resten av verda brukar munnbind i kampen mot corona-viruset, brukar kvinnene munnbind mot det dei kallar «den verkelege epidemien» – machoisme.

– Vi kjempar for rettane våre, for å få bestemme over våre eigne kroppar, for å kunne gå fritt utan å vere redd – for livet vårt, seier visepresident i CAN, Yhoana Milena Castano.

CNA frå Colombia har felles markering med sine søsterorganisasjonar, Latinamerikabrigaden (LAG) frå Norge, Conavigua frå Guatemala og brasilianske MST. Dei tre organisasjonane utvekslar personell mellom dei fire landa, og er alle samla i Bogotá denne dagen.

– Våre fiendar seier at kampen er over. Vi seier at den så vidt er begynt, ropar B.onca, deltakar i MST frå Brasil.