Som trainee i Norec får du mykje tillit og ansvar heilt frå start.

Aurora Andersen (28) er trainee i Norec gjennom Framtidsfylket Vestland i kullet for 2023/2024. Ane Norman Kjørslevik (29) var med i fjorårets kull, og er no i eit vikariat  i Norec.

Begge opplever å ha fått mykje tillit tidleg som traineear i Norec. I september 2023 har dei ansvar foor å ta imot og arrangere kurs for 28 unge menneske frå Tanzania, Mosambik, Brasil og Norge.

– Det er gøy å vere ny i arbeidslivet når du får så mykje tillit. Det er eit kjempekompliment, seier Ane, som flytta heim til Førde for å vere trainee.

Aurora, som opphavleg kjem frå Kvænangen i Troms, set pris på sjansen til ein internasjonal karriere frå ein liten by på Vestlandet:

– Det er litt klisjé å seie, men vi jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.

Les heile saken hos Framtidsfylket