Kurs for deltakarar

Norec tilbyr kurs og oppfølging for deltakarar før, under og etter utveksling. Kursa førebur deltakarane på å jobbe og bu i ein annan kultur. Vidare skal dei bidra til at kunnskapen deltakar tileignar seg ute vert tatt med heim igjen.

Førebuingskurs

Førebuingskurs er obligatorisk for alle deltakarar i Norecs program.
Førebuingskurset består av to deler. Først eit e-læringskurs som du må ta før utreise. Dette kurset går mellom anna gjennom rettar og plikter ved å vere Norec-deltakar, i tillegg til andre viktige moment som vil bu deg på utvekslinga.

Like før oppstart hos host partner vil du møte andre deltakarar på ei vekes førebuingskurs. Nokre av kursa i 2022 vil bli gjennomført digitalt.  Påmelding til kurset går via partnar. Planlagte kurs finn du under komande kurs.

På kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Å vere Norec-deltakar
  • Kommunikasjon i ei Norec-utveksling
  • Tverrkulturell tilpassing
  • Helse, tryggleik og velferd
  • Global forståing

Det er partnars ansvar å sørge for at deltakar har stabil tilgang til internett og eigna lokale og utstyr under digital gjennomføring. Ved fysiske kurs ordnar partnar reise til og frå kursdestinasjon. Kost og losji vert dekka av Norec.

Heimkomstkurs

Heimkomstkurs er obligatorisk for alle deltakarar. Normalt inviterer vi alle deltakarar som kjem tilbake frå utveksling, til eit kurs ved ein av Norecs kursdestinasjonar i Afrika, Asia eller Latin-Amerika. Fullfører deltakar utveksling i 2022 kan kurset bli gjennomført digitalt.

På kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Å identifisere erfaringar og ny læring
  • Å dele ny kunnskap
  • Heimkomst og gjenintegrering: utfordringar og moglegheiter
  • Global forståing

Kost og losji vert dekt av Norec, medan reisekostnader inngår i prosjekt-tilskotet dekt av partnar. Vert kurset gjennomført digitalt, vil det vere partnarorganisasjonen sitt ansvar å sørge for stabil tilgang til internett under gjennomføringa.