Prosjektsøknad
Når du har fullført og fått godkjenning av forundersøkinga, kan du søke om ein samarbeidsavtale med Norec.
Søknadskriterium og prosjektlengde
Nye partnarskap: 1–2-årig avtale
Norec vurderer søkaren si evne til å:
- følge opp og støtte tilsette som er på utveksling
- samarbeide godt i eit partnarskap
- oppnå resultat
- forvalte prosjektet økonomisk
Partnarskap som har eksisterande avtalar med Norec: 2–3-årig avtale
Dette vurderer Norec når eksisterande partnarskap søker om ein ny avtale:
- oppfølging av deltakarar
- samarbeid i partnarskapet
- resultat av partnarskapet
- økonomistyring
- prosjektutvikling
Partnarskap som har fått tilskot frå Norec i over 5 år: 3–5-årig avtale
Dette vurderer Norec når partnarskap søker om eit prosjekt som varer i over 3 år:
- alle punkta ovanfor
- gjensidig læring i partnarskapet – korleis organisasjonane bruker læring frå partnarskapet og tidlegare Norec-prosjekt
- korleis utvekslingsprosjektet bidrar til organisasjonslæring
- Vi vurderer dessutan alle prosjekt som ein del av prosjektporteføljen til Norec.
Søknadsdokument – samarbeidsavtale
Søkaren må utforme eit prosjekt som fremmar institusjonelt samarbeid, aukar organisasjonskapasiteten og fører til utveksling av kunnskap og kompetanse. Fysisk utveksling av medarbeidarar er eit krav når det er mogleg, men kan kombinerast med virtuell utveksling.
Slik søker de:
Den overordna prosjektskildring utgjer hovuddelen av søknaden. Her presenterer de partnarane i samarbeidet og gir informasjon om utvekslinga og prosjektresultata.
Følgande dokument inngår i søknaden:
Dokument frå alle partnarar i prosjektet
- eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (last ned)
- risikoanalyse (last ned)
- firmadokumentasjon
- skatteattest
- vedtekter
- nyaste årsrapport
- nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
- urevidert/førebels årsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal
- gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane
Dokument de må sende inn, dersom søknaden blir godkjend:
- beredskapsplan (last ned)
- arbeidskontrakt for deltakarar
Søknadsdokument – runde
Ein samarbeidsavtale er delt inn i runder. Ein rundebeskrivelse viser mellom anna kva aktivitetar, arbeidsoppgåver og oppdrag deltakarar utfører for nå måla i prosjektet. Partnarskapet sender inn rundebeskrivelse og budsjett for kvar runde til Norec. Ei runde kan vare mellom 3 og 18 månader.
Følgande dokument inngår i søknaden:
Dokument frå alle partnarar i prosjektet:
- nyaste årsrapport
- nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
- gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane
Rapportering – runde
Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi undervegs i prosjektperioden.
Koordinerande partnar må rapportere aktivitetar, kostnader og resultat i prosjektet etter kvar utvekslingsrunde. Rapporten skal leverast seinast tre månader etter at runden er gjennomført.
Slik rapporterer du:
Rapporten består av to dokument – resultatrapport og økonomisk rapport.
Rettleiing
Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt.
Rapportering – 1-årig avtale
Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi undervegs i prosjektperioden.
Koordinerande partnar må rapportere aktivitetar, kostnader og resultat i prosjektet etter kvar utvekslingsrunde. Rapporten skal normalt leverast fem månader etter at siste deltakar har returnert til heimlandet.
Slik rapporterer du:
Rapporten består av to dokument – resultatrapport og økonomisk rapport.
Resultatrapport
Rapporten skal skildre kva aktivitetar som er gjennomført, og korleis desse har bidratt til å nå målsetjingane for prosjektet.
Budsjett og økonomisk rapport
Rapporten skal baserast på tilskotsbudsjettet frå prosjektsøknaden. Her skal du dokumentere faktiske kostnader opp mot budsjetterte utgifter. I tillegg du levere ein ekstern revisjon for avtaleperioden.
Rettleiing
Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt.