Partnarskapa snakka oftare saman og delte meir informasjon under den digitale pandemikvardagen. Det viser ny rapport. Likevel er møte ansikt til ansikt framleis best.

Partnarskapa snakka oftare saman og delte meir informasjon under den digitale pandemikvardagen. Det viser ny rapport. Likevel er møte ansikt til ansikt framleis best.

– Kulturelle skilnader og hierarki vert mindre synleg i virtuelle møterom. Det oppstår eit nytt fellesskap digitalt, og samarbeidet mellom organisasjonane vert sterkare, seier Kari Lindemann, seniorrådgivar i Norec.

Lindemann er ansvarleg for rapporten Hel eller halv digitalisering: Hva fikk vi til da verden var i lockdown (Norec, 2021). Rapporten er ein gjennomgang av kva Norec og tilskotsmottakarane deira har fått av digital kunnskap sidan koronapandemien stogga all utveksling i 2020.

I rapporten kjem det fram at det ikkje berre er partnarskapa som har hatt nytte av hyppig digital møteverksemd og utveksling av kunnskap. Fleire partnarskap har lagt til rette for innspel og deltaking for tilsette frå partnarorganisasjonar i andre land.

– Mange partnarskap opplevde også at fleire i organisasjonane vart involvert i prosjekta, og at fleire følte eigarskap, fortel Lindemann.

Les korleis ein app hjelper marginaliserte bønder i Nepal og andre suksesshistorier frå utveksling under pandemien

Erstattar ikkje møte ansikt til ansikt
Sjølv om digitaliseringa hadde mange positive ringverknadar, er både Norec og partnarskapa heilt tydelege på at virtuelle møte ikkje skal erstatte møte mellom menneske.

– Kulturforståing og internasjonal arbeidserfaring får ein ikkje når ein berre treffest digitalt, og det er framleis heilt sentrale element av ei utveksling, seier programdirektør Marit Bakken.

Rapporten slår også fast at dei aktørane som oppnådde best resultat digitalt, var dei aktørane som allereie hadde ein god relasjon etter årevis med fysisk samarbeid.

– Derfor vil vi no gå for det beste frå begge verder. Det er når vi møtest ansikt til ansikt igjen at vi verkeleg får utbytte av alt vi har fått til digitalt. No kan vi kombinere mange ulike metodar, og det blir heilt supert, avsluttar Bakken.

Fører til endringar hos Norec
Vinteren 2021/2022 opna Norec opp for utveksling igjen. Gradvis sender fleire partnarskap arbeidstakarar eller frivillige mellom ulike land. Framover vil Norec kombinere det beste frå pandemitida med 20 års erfaring med fysisk utveksling. Dette kallar Norec for «hybrid modell».

Noko av det Norec implementerte under pandemien vil ein føre vidare:

• Større fleksibilitet for deltakarane til å jobbe i organisasjonen sin både før og etter ein reiser ut.
• Fleire digitale treffpunkt mellom Norec og partnarskapa og partnarskapa. Ein legg opp til ei tettare oppfølging ved å kombinere digitale og fysiske møte.
• Halde fram med webinar for involverte i prosjekta undervegs i prosjektsyklusen. Dette gir både fagleg påfyll og nyttig nettverksbygging for fleire.