Då verda var i lockdown grunna covid-pandemien, måtte både Norec og partnarane snu seg rundt for å finne andre måtar å utveksle kompetanse over landegrenser på.

Frå å i hovudsak bruke pengar på reise, bustad og løn til unge menneske på arbeidsutveksling, gav Norec i 2021 meir midlar til støttefunksjonane rundt deltakarane. Det vart brukt pengar på naudsynt utstyr for å kunne starte prosjekt, samt løn til unge menneske som tidlegare har vore på ei arbeidssutveksling finansiert av Norec. Her er eit knippe resultat som partnarar har oppnådd i løpet av pandemien.

Frå digitalt kultursjokk til auka digital kompetanse
Jordbruksorganisasjonen Wave i India hadde stor pågang frå medlemmar som trengte hjelp til å dyrke mat. Men dei merka også at overgangen til nettbaserte aktivitetar vart eit kultursjokk for mange småskalabønder.
For å gjere overgangen lettare, vart nettbaserte aktivitetar følgt opp med møte i nærmiljøet. Dei tok i bruk WhatsApp og Messenger for å legge til rette for enkel og rask kommunikasjon. Ungdommar i Wave har spelt ei avgjerande rolle i å lære opp dei eldre i bruk av smarttelefon og WhatsApp. Den tekniske kompetansen har auka og fleire har blitt digitalt skrivekunnige.

Wave har også utvikla ein app for bønder. Appen gir informasjon om lagerstyring, produksjonsopptak, registrering av sal og mottakarar. Via appen kan bøndene sende inn spørsmål dei har om jordbruk, og få rettleiing av ein ekspert. Dette kan dei gjere både skriftleg og ved å sende lydmeldingar. Appen viser også kvar bøndene er geografisk, slik at råda er tilpassa lokale klimaforhold.
Wave skal no overføre denne kunnskapen til den sørafrikanske organisasjonen Climate Specific Agro Advisory, slik at også småskalabønder i Sør-Afrika kan få den same moglegheita.

Følgjer opp pasientar over nett og telefon
Lepramisjonen i Nepal starta i 2020 å følgje opp pasientar digitalt. Det er mellom anna gitt digitale fysioterapitimar over nett og på telefon. Over 160 leptrapasientar får virituelle konsultasjonar over nett. Kompetanse frå Myanmar blir brukt på pasientar i Nepal, og ein har utvikla ein manual for korleis konsultasjonar kan gjerast på avstand og digitalt.

Laga ressursbank på Youtube
Norges Musikkorps Forbund og Field Band Foundation (Norge og Sør-Afrika) har over 20 år med utveksling bak seg. For å oppnå dei forventa resultata sine, då covid sette ein stoppar for utveksling, har personar frå desse to organisasjonane jobba saman i digitale arbeidsgrupper.

Mellom anna har dei laga eit digitalt aktivitetsbibliotek på Youtube der dei gjennom filmsnuttar demonstrerer måtar å undervise i musikk på. Dette er blitt ein ressursbank som musikklærarar både i Norge og Sør-Afrika kan gå til for å få inspirasjon og idear til nye og spanande måtar å engasjere barn og unge i relevante samfunnsspørsmål. Eit hovudtema for YouTube-biblioteket er korleis musikk kan bidra til betre psykisk velvære og auka sjølvkjensle.

Lettare å vere seg sjølv på digitale areaner
Y Global har utvekslingsprosjekt av ungdomsaktivistar i Kenya, Sudan, Uganda og Norge. Dei jobbar med seksuelle og reproduktive rettar.
Ungdom i utvekslingsprosjektet til Y Global fortel at nettbaserte konsultasjonar og digitale møter har fått mange til å føle seg meir fri til å spørje om ting dei lurer på, eller uttrykke legninga si, fordi dei kan velje å vere anonyme. Mange har opplevd å bli møtt med fordommar for seksuell orientering i det fysiske rom, medan dei nettbaserte romma har gitt ungdom trygge arenaer der dei kan vere seg sjølv.

Nokre opplevde at dei kan uttrykke seg betre skriftleg, og fleire framheva at chattefunksjonane har ført til auka meistring og deltaking i dei opne møta. Andre fortel at trusselen om fysisk vald forsvinn når møte om tema som kjønnsidentitet og seksuell orientering vert arrangert anonymt og digitalt.

Likevel har arbeidet med virtuelle helseklinikkar for ungdom vore utfordrande. For å bygge tillit er møte ansikt til ansikt heilt essensielt. Digitale konsultasjonar har fungert i perioden, men krev ekstra kapasitet og gir ikkje same grad av nærheit og varme som ikkje-digitale møter.
Ei ekstern evaluering av prosjektet synte at digital kommunikasjon fungerer best på bodskap om menneskerettar, store kampanjar og sosiale medium, folkefinansiering og nettbasert opplæring.

Får brukt deltakarane betre
World Association of Girl Guides and Girl Scouts (WAGGGS) har erfart at dei får brukt utvekslingsdeltakarane betre enn tidlegare, og at det kostar mindre. Til vanleg sender organisasjonen ut 45 deltakarar på utveksling. I 2021 var det inga utveksling, men likevel hadde WAGGGS 288 jentespeidarar i stor aktivitet. Alle jobba i heimlandet sitt der dei kjenner den kulturelle konteksten. Dei gjennomførte informasjonskampanjar om menstruasjon for å fjerne tabu rundt mensen og covid-19. Dei auka på denne måten kunnskapen til unge jenter om helse.
WAGGGS har også utvikla digitale kurs, blogg og ressurssamling for partnarskapet. I tillegg har dei utvikla ei digital plattform som dei kallar digitalt leirbål. Der møter speidarane andre frivillige, og kan dele erfaringar og utfordringar. Når kampanjearbeidet i kvart enkelt land vert kombinert med slike digitale rom, kan ein oppretthalde læring mellom organisasjonane i dei ulike landa. Noko liknande kan også fungere godt for andre globale medlemskapsorganisasjonar.

Brukar videooverføring i opplæring
Haukeland universitetssjukehus er i gang med eit prosjekt der ein brukar video i kirurgiopplæringa saman med Sefako Makgatho Health Sciences University/Dr George Mukhari Academic Hospital i Pretoria i Sør-Afrika. Føremålet er å kunne kommunisere undervegs i operasjonen, der kirurgar kan lære teknikkar og metodar frå kvarandre, på tvers av landegrenser. Videooverføringane vil i tillegg vere ein del av førebuinga før utvekslinga startar. Dette legg til rette for at deltakarane kan bruke denne perioden som opplæring, og lettare kan gå i gang med arbeidsoppgåvene sine når utvekslingsopphaldet startar.