Etter halvtanna år med berre digitale møtepunkt kunne endeleg Norec-partnarar i Noreg møtast fysisk for å dele erfaringar.

– Det var veldig godt å møtast igjen. Sjølv om vi i stor grad har kommunisert gjennom digitale møte i perioden som har gått, vil det aldri bli det same som å møtast fysisk, seier Steinar Hoel Korsmo som er dagleg leiar i Stiftelsen Seed Forum Norge og prosjektkoordinator i Global Entrepreneurs Exchange Project (GEEP).

I slutten av november samla Norec partnarar frå næringsliv, offentleg sektor og frivillege organisasjonar på Gardermoen. Ein milepæl etter halvtanna år utan fysiske partnarmøte.

– Vi har hatt digitale partnarsamlingar under pandemien, men det er viktig å kunne møtast. Dette var ei fin moglegheit for partnarane til å bli betre kjende med kvarandre, men også for oss i Norec å bli betre kjende med partnarane, seier seksjonsleiar for næringsliv og institusjonar i Norec, Linda Martinsen.

Viktig å støtte partnarskapa
Då pandemien råka våren 2020 måtte 600 deltakarar sendast heim frå utveksling verda rundt. Det var stor usikkerheit i alle land og hjå partnarane på kva som ville skje vidare. Norec bestemde seg for å støtte partnarskapa framover, sjølv utan moglegheit for fysisk utveksling.

– Det var ei utfordring for Norec å legge til rette for det var ein ny og ukjend situasjon. Men det å halde partnarskap i live i ei tid der mange donorar trekte seg ut var viktig, seier Martinsen.

Løysinga vart i mange partnarskap å ha ei «heime-utveksling» ved hjelp av digitale løysingar slik at ein kunne halde fram med å utveksle både kunnskap og erfaringar.

– Det er stor optimisme knytt til det å vende tilbake til utveksling. Samtidig er usikkerheita stor når det kjem til kor lenge pandemien vil vare, samt restriksjonar i landa lokalt, seier Martinsen.

Knytte nye kontaktar
Å kunne samle norske partnarar til samtale og føredrag er difor ekstra viktig.
– Kunnskapsdeling på tvers av partnarskap er kanskje det viktigaste ein gjer i den fasen vi er i no, seier Martinsen.

Gjennom den to dagar lange samlinga på Gardermoen fekk partnarar moglegheit til å knyte nettverk og bli betre kjende.
– For vår del fekk vi gode erfaringar frå andre partnarar som har gjennomført utveksling som oss, seier Hoel Korsmo i Seed Forum Norge.

Brith Løkken var på samlinga som representant for Kulturskulen i Fredrikstad og var veldig nøgd med å kunne dele tankar med andre partnarar.
– Det var nyttig å få meir innsikt i korleis det vert jobba med moglegheiter for fysisk utveksling og visumsituasjonen for deltakarar frå sør til Noreg, seier Løkken.

Fekk inspirasjon til nye metodar
– Nokon møtte kvarandre for første gong og fekk innblikk i kvarandre sine organisasjonar og kva land dei jobbar i. Eg trur mange fekk inspirasjon både til nye arbeidsmetodar og nye måtar å gjere utveksling på, seier Martinsen.

Partnarane var relativt samstemde i at det er krevjande å stå i ein situasjon der ein er heilt i uvissa på når ein fysisk utveksling kan komme i gang.

– Alt er per no uvisst. Ein kan planlegge fram i tid, men plutseleg kjem det endringar som gjer at ein må snu om på alt. Det å halde på kompetente folk som planlegg å reise ut, men som heile tida får endra planane, er krevande, seier Martinsen.

Slik situasjonen er no, er det berre Hald internasjonale skole i Mandal som har fysiske utvekslingar. Det kan dei fordi deltakarane deira er klassifisert som studentar.
– Dei av partnarane som har studentar kan utveksle som dei ønskjer. Men for alle andre kategoriar er det nær umogleg å seie noko om når ei utveksling kan starte, seier Martinsen.