I årsrapporten for 2023 kan du lese meir om mål, resultat og status for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

Klikk her for å laste ned heile rapporten

Melding frå direktøren: Norec satsar på dei som vil auke tillit og samarbeid i ei uroleg verd

Verda var i 2023, og er i dag, prega av uro, konflikt og geopolitiske spenningar. Men verda har også menneske – faktisk mange menneske og organisasjonar – som jobbar aktivt med å bygge tillit, auke kunnskap, redusere spenning og førebygge konflikt. Eit ønske om å investere i og bygge kompetanse hos desse menneska og organisasjonane er grunnen til at Norec finst.

Enkelt forklart er samfunnsoppdraget til Norec å investere ressursar i å bygge gjensidig tillit i globale partnarskap for berekraftig utvikling.

Unge fagfolk

Formålet med porteføljen til Norec er å skape innovative løysingar og institusjonelle endringar. Prosessane skal drivast av unge fagfolk som har dei nødvendige kunnskapane, ferdigheitene og haldningane. Med dette bidrar vi til å nå måla for den norske utviklingspolitikken.

Berekraftsmål 17 handlar om globale partnarskap og om samarbeid for å nå måla. For å få til dette må vi auke og dele kompetansen vår. Vi må bygge tillit mellom folk, organisasjonar og land. Kompetansesenteret Norec har verktøy for å få dette til.

Norec investerer i dei små

I 2023 hadde vi 49 kurs eller arrangement for tilskotsmottakarar og 9 for eksterne deltakarar. Til saman deltok 1622 personar på desse arrangementa. Dei har lært meir om velfungerande globale samarbeid, fått kompetanse om berekraftsmåla og betra forståinga av kommunikasjon på tvers av kulturar.

Norec har rom for og ressursar til å investere i organisasjonar og partnarskap som vanlegvis ikkje når opp hos andre store donorar. På den måten kan vi støtte organisasjonar som har liten
administrasjon, men eit stort nedslagsfelt. Eksempel på dette er organisasjonar for folk med funksjons­ utfordringar, organisasjonar for skeive sine rettar og mindre organisasjonar som jobbar for ungdom.

Fleire som jobbar med klima og matsikkerheit

I 2023 utforska vi nye tiltak for å utvikle globale partnarskap. Vi auka talet på partnarskap som jobbar med klima og matsikkerheit, og vi etablerte Norec Network, som skal samle og støtte tidlegare deltakarar. Vi har rekruttert fleire nordmenn til FN­organisasjonar, vi har dobla talet på kurs for dei som får tilskot frå Norec, og vi har sendt hundrevis av unge fagfolk på utveksling mellom eit par hundre organisasjonar i mange land.

Norec 60 år

I november markerte Norec 60-årsjubileet vårt. Vi hadde invitert gjester frå både inn­ og utland. Nokre deltok digitalt, andre var fysisk til stades i Førde. Alle fekk historier frå nokre av dei
12 000 deltakarane og 1700 institusjonane som har samarbeidd med Norec sidan 1963. I god Norec­ tradisjon handla ein vesentleg del av markeringa om å sjå framover (sjå kapittel 5). For det er framtida vi kan påverke.

Desse fem punkta for tida framover fekk gjestene våre med seg frå Førde:

  1. Utfordre alltid dine overordna med nye perspektiv. Med eit smil.
  2. Aksepter avgjersla deira. Men sørg for implementering i verdsklasse.
  3. Ver budd på å endre ting fort i framtida. Slik vi gjorde ved å flytte frå Oslo til Førde.
  4. Lytt aktivt til samarbeidspartnarar og deltakarar. Dei beste råda kan komme frå dei som snakkar med små bokstavar.
  5. Noreg vil måtte gå frå å vere oljeprodusent til å satse på eit nytt fortrinn: å forvalte deling av kvalifisert kompetanse på tvers av land. Denne delinga av kunnskap skal Norec gå i bresjen for!

Norec har sidan etableringa i Førde i 2018 hatt over 1300 søkarar på 47 stillingar. Vi har gått frå at 30 % slutta per år (under pandemien), til at 7 % slutta i 2023. Folk kjem og blir. Denne stabiliteten jobbar vi for, og den er viktig for at vi skal utvikle oss som eit kompetansesenter som alltid er klart for nye oppgåver.

Digitalisering og vidareutvikling

I 2023 gjennomførte vi også grundige kartleggingar av saksbehandling og prosjektoppfølging. Etter nokre år med fokus på opplæring og etablering, og deretter pandemihandtering, var tida moden for å gjere opp status: Kvar har vi tidstjuvar? Kvar jobbar vi unødvendig tungvint? Vi ser at vi gjer mykje riktig, men har også identifisert fleire utfordringar som vi må handtere. Her er digitalisering og kunstig intelligens viktige stikkord. Vi gler oss til at vi saman finn gode løysingar og utviklar oss vidare!

Året 2024 er i gang. Eg håper vi møtest og kan diskutere kva vi har gjort, og kva vi skal gjere.

God lesing!

Klikk her for å laste ned heile rapporten