Lurer du på om utveksling er noko for deg? Vil du gje dine tilsette fagleg påfyll og samtidig få ny kompetanse til bedrifta? Gjennom Norec kan du få tilskot til å gjere nettopp dette. Her har vi lista opp nokre av fordelane ved å byte tilsette og kunnskap med ei anna bedrift

1. Få tilpasningsdyktige og motiverte tilsette
Tilsette som har jobba i utlandet vert drilla i å tenke utanfor boksen. er nytenkande som resultat av opphaldet. Vi veit ein endrar haldningar, får auka kulturell forståing og nye verdiar av å bu og jobbe i eit anna land.

2. Sjå på organisasjonen med friskt blikk
Ved å ha tilsette frå ei partnarbedrift på utveksling, får du nye idear og oppmuntrar resten av organisasjonen til å tenke utanfor boksen. Dette er ein fordel både for den tilsette og for bedrifta: nytenking skapar grobotn for meir innovasjon.

3. Lær om nye marknader
Ved å etablere deg I nye marknadar, kan du få konkurransefordelar. Om konkurrentar ikkje allereie jobbar i landet du har peika deg ut, har du fordelen av å vere først ute og etablere merkevara di. Gjennom partnarskapet får de eit breiare nettverk og verdfull innsikt om marknaden de satsar i.

4. Få auka internasjonal eksponering
Bli ein del av Norec sitt globale nettverk. Vi har over 200 partnarorganisasjonar vi samarbeider med, som sit på mengder av kunnskap og kontaktar. Norec arrangerer partnarmøter, kurs og alumninettverk, som alle våre partnarar får tilgang til.

5. Gjer bedrifta di attraktiv for nye tilsette.
Utvekslingsmuligheiter kombinert med eit samfunnsansvarleg omdøme er gull verdt for rekruttering. Deltakarane får ny kunnskap, motivasjon, nye perspektiv og eit utvida nettverk. I tillegg kan det nyttast som ein utviklingspremie for særeigen innsats.

6. Bli betre på kommunikasjon og internasjonal forståing
Internasjonal kompetanse ligg på fleire nivå; frå kunnskap om andre land, kulturar, styreformer og forretningsmetodar, til evna til å sjå verda og faget sitt i ein global kontekst.

7. Redusér risikoen for di internasjonale satsing
Gjennom partnarskapet blir du kjend med landet du satsar i, og får inngåande kunnskap om landskap og risiko. Og når du kan å lese omgjevnadene, går risikoen ned.

8. Bli ein del av løysinga, ikkje problemet.
Dei beste hovuda tenker grønt og framtidsretta. Ved å vise at du tek samfunnsansvar og bryr deg om internasjonale forhold, er du ein meir attraktiv arbeidsgjevar.

9. Sjå faget ditt med nye auge
Kanskje finst løysinga på ditt problem på eit anna kontinent?

10. Ver med på eit eventyr
Det er utanfor komfortsona ein utviklar seg og får den største oppsida. Og for dei som framleis er i tvil – det største potensialet ligg i det globale sør.