– Utan Norec hadde vi aldri vore der vi er i dag. Med ressursane vi fekk tilgang til, via Norec, avanserte vi frå pilotfasen til den operasjonelle fasen mykje raskare enn vi elles kunne ha gjort, seier Hunderi.

Per i dag er han leiar i DDFinance Norge, og dotterselskapet DDFinance Kenya. I tillegg til dei fast tilsette, har DDFinance seks unge menneske på utveksling, tre i kvart selskap. Alle unge, høgt utdanna og svært kompetente personar.

Såg umiddelbart verdien

For nettopp kompetent arbeidskraft er ofte det krevande punktet når ein startar opp eit nytt selskap, gjerne i utlandet. Kor skal ein finne kompetansen, korleis knyter ein kompetansen til seg, og korleis finn ein nok midlar til å betale for dei tilsette ein treng i oppstartsfasen?

Det er spørsmål som mange stiller seg når dei tek til med noko nytt, så også Jan Martin Hunderi. Men så kom løysinga rekande på ei fjøl.

– Vi var, heilt tilfeldig, på ein konferanse der Norec hadde ein presentasjon. Vi skjønte straks verdien av det Norec kunne tilby, og starta prosessen umiddelbart, fortel Hunderi.

 

Med bidraget frå Norec har vi avansert frå å vere ein pilot til å ha passert våre første 10 000 kundar, fortel Hunderi.

Jan Martin Hunderi
Jan Martin Hunderi

Kunne auke farten

DDFinance tilbyr livsforsikring for ein dollar i året til fattige i Kenya gjennom såkalla mikroforsikring. Då Hunderi vart klar over utvekslinga som Norec finansierer, var DDFinance heilt i pilotfasen. Dei visste kva dei ønskte å utvikle, og korleis dei ville utvikle det, men dei måtte finne dei rette tilsette – og pengane til å betale dei løn medan selskapet kom seg opp og stå.

Då vi forstod kva ressursar som var tilgjengeleg gjennom Norec, tilpassa vi arbeidet vårt til kva vi kunne gjere saman med Norec. Vi fasa rett og slett Norec inn i arbeidet vårt, fortel Hunderi.
Heilt konkret fann DDFinance ut korleis dei kunne rekruttere ressurspersonell til selskapet gjennom Norec.

– Med bidraget frå Norec har vi avansert frå å vere ein pilot til å ha passert våre første 10 000 kundar, fortel Hunderi.

Ei Norec-utveksling fungerer ved at Norec gir støtte til gjensidig utveksling mellom aktørar i Norge og/eller land i Afrika, Asia og Latin Amerika. For DDFinance sin del fungerer det på den måten at tre unge menneske frå Norge er på utplassering i Kenya, medan tre unge menneske frå Kenya er på utplassering i Norge.

– Norec-modellen har tillate oss å rekruttere utdanna personell mykje raskare enn vi elles kunne gjort, seier Hunderi.

DD FInance are working with microinsurance in Kibera, Kenya

Vil halde fram samarbeidet

At Norec-samarbeidet inneber utveksling til eit anna land, har også vorte ein rekrutteringsfordel i jakta på dei beste folka.

– Vi oppdaga at mange unge, utdanna og gode kandidatar hadde eit ønske om å reise på utveksling. Slik har Norec-samarbeidet ført til at vi har klart å trekke til oss fantastiske talent. Norec er nøkkelen til den utviklinga DDFinance har hatt, seier Hunderi.

Sjølv om DDFinance no er over oppstartsperioden, ønskjer dei å halde fram utvekslingssamarbeidet dei har med Norec.

– Planen er å halde fram med utveksling mellom selskapa, og ettersom vi utvidar til fleire land, er planen å utvide utvekslingsprogrammet, fortel Hunderi.

Per i dag er prosjektet ei utveksling nord-sør/sør-nord mellom DDFinance Norge og DDFinance Kenya, men planen for selskapet er å utvide med fleire land i sør.

– Vi ønskjer på sikt å søkje om ei såkalla sør-sør-utveksling, mest truleg mellom Kenya, Burundi og Ghana. Det er det vi jobbar mot, seier Hunderi.

Få støtte til ditt prosjekt
Kontakt oss