Alle som var på partnarkurs i Johannesburg i mai blir invitert til digital reunion 23. november. Det er første gong Norec inviterer til dette.

– Vi har aldri gjort noko liknande før. I mai hadde vi eit tre dagar langt partnarkurs i Johannesburg. Men kunne det vere fruktbart å møtast no nokre månadar etter, for å snakke om erfaringar ein har gjort seg så langt, spør seniorrådgivar Grete Thingelstad.

Alle partnarar som har utveksling gjennom Norec må gjennom eit kurs som gir dei kunnskap om kva som må til for å ha deltakarar på utveksling. Ein del av læringa er nettopp å dele erfaringar med andre i liknande situasjon, og knyte nettverk på tvers av landegrenser og erfaringsområde.

I lys av dette inviterer Norec alle som var på partnarkurs i Johannesburg i mai til ein digital reunion på ein time i november.

– Tanken er å lage eit nettverksmøte der dei kan treffast digitalt, diskutere ting, spørje om ting dei lurer på, og dele løysingar dei kanskje har funne på utfordringar som har dukka opp, seier seksjonsleiar for kurs, Øystein Garfors.

Ber om forslag på tema

Det er sett av ein time til den digitale reunionen, og invitasjon vert sendt ut i desse dagar. Her vil partnarane få moglegheit til å melde inn tema som dei ønskjer skal bli tekne opp.

– Vi ber dei om å sende oss tema som dei ønskjer å diskutere, og vert det mange tema, lagar vi fleire digitale samtalerom, slik at ein kan få drøfta fleire problemstillingar, seier Thingelstad.

Planen er å halde ein liknande reunion i januar for dei som var på partnarkurs i Katmandu i september.

– Vi er spente på responsen. Men eg trur dette blir veldig bra. Kanskje kjem vi etter kvart til å gjere noko liknande på deltakarkursa, også, seier Thingelstad.